nyhende
Nynorsk lesekampanje i Sveio-skulen:
Glad for nynorsk lesekampanje
NYLES er tittelen på ein kampanje som skal få 3. klassingane i Sveio til å lesa fleire bøker på nynorsk. Det er biblioteksjef Kristine Thorkildsen ved Sveio folkebibliotek som har tatt initiativ til kampanjen.
Kampanjen varer frå 1. februar til 1. april. Alle skulane i kommunen har fått tilbod om kassar med bøker. Det er frivillig for skulane å delta, men ut frå den positive tilbakemeldinga biblioteksjefen allereie har fått, håpar Thorkildsen at alle blir med.
— Kjærkome tilbod
Ho kan i alle fall rekna med 3. klassingane ved Vikse skule.
— Dette er eit flott tiltak, både fordi me får tilbod om så mange bøker på nynorsk og fordi det er eit tiltak som berre aukar leselyst utan at det knytt til noko måling eller konkurranse, seier lærar Hilde Vikane.
Me møter henne i klasserommet saman med elevane. Dei har starta dagen med ei leseøkt på 20-25 minuttar. Det er vanleg å ha ei slik økt kvar skuledag, anten i starten eller seinare på dagen.
Dette er eit opplegg dei har hatt lenge før den nynorske lesekampanjen blei introdusert, men bokkassen dei nå har fått på utlån, aukar tilbodet monaleg. Under leseøkta får elevane sjølve velja bok, også elektroniske. Blir dei ikkje ferdige den eine dagen, kan dei halda fram med same boka den neste.
Elevane er einige med læraren i at bøkene frå biblioteket er gøye, spennande, har fine illustrasjonar og så vidare. Dei fleste likar også nynorsk lesestoff, men eit par elevar signaliserer at dei likar best å lesa bøker på bokmål.
— Dette er ein klasse som er svært interessert i å lesa. Og mange av elevane er bevisste på kva sjangrar dei likar best, fortel Vikane.
Elevane supplerer.
— Eg likar best spøkelseshistorier. Eg vil ha eventyr. Eg likar best dei bøkene som får meg til å le, fortel dei.
Ei jente seier ho likar best bøker med berre tekst. Og ei anna supplerer:
— Eg likar best å høyra eller lesa bøker med tekst, og så lagar eg bilda inni meg.
Vikane legg til at elevane i denne 3. klassen også lagar sine eigne bildebøker der dei er ansvarlege for både tekst og illustrasjonar.
88 tredjeklassingar
Sveio har 88 tredjeklassingar dette skuleåret fordelt på Sveio, Vikse, Auklandshamn, Førde og Valestrand skular. Skulane har fått tildelt bøker etter talet på elever, cirka to bøker per tredjeklassing.
— I alt har me sendt ut 217 bøker. Av desse har me lånt 141 bøker frå Stord folkebibliotek, fortel biblioteksjef Thorkildsen.
Ho legg til at biblioteket har kjøpt inn ein del nye nynorske barnebøker i samband med kampanjen. Dette håpar ho å halda fram med dei neste åra. Og ho håpar den nynorske lesekampanjen kan bli eit årvisst samarbeid mellom skulane og biblioteket.
Ein del av bøkene handlar om miljøvern og har samanheng med at Sveio folkebibliotek skal bli miljøfyrtårn.
Thorkildsen har fått pengar frå Den kulturelle skolesekken til å gjennomføra kampanjen i Sveio.
Idé frå Stord
Skulane står fritt med omsyn til korleis dei vil bruka bøkene, men dei har fått tilsendt ein del oppgåver som biblioteksjefen håpar elevane vil svara på. Mellom anna blir dei utfordra til å skriva dikt, teikna draume-lesestaden sin, fortelja om den beste boka dei har lese, namngi minst tre nynorsk-forfattarar og skriva eitt nynorskord som dei skal senda inn til biblioteket. På Vikse har dei alt kopiert oppgåvearket og sendt det med elevane heim.
Kampanjen blir avslutta med at kvar skule som deltar får besøk av ein nynorskforfattar. Kven det blir, er så langt hemmeleg, seier Thorkildsen. Uansett kven det blir, ser i alle fall elevane på skulen lengst sør i kommunen fram til dette besøket.
Thorkildsen, som begynte som biblioteksjef i Sveio i november i fjor, har idéen om nynorsk lesekampanje med seg frå Stord. Der er konseptet utprøvd gjennom den tidlegare arbeidsgivaren hennar, Stord folkebibliotek. Ho har også vore engasjert i nynorsk bokfestival på Stord med god respons.