NPK-NTB: Bondelaget ber regjeringa komme på banen etter at prisane på straum, drivstoff og gjødsel har skote i vêret. – Vi treng tydelegare signal no, seier dei.
– Prisen landbruket opplever no, er ei dobling opp mot i fjor, seier leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag til Dagbladet.
Regjeringa har til no komme med krisepakkar som skal kompensere for auka straumprisar, matkorngaranti og løfte om ekstra tilskotsutbetaling. Gimming meiner det ikkje er nok.
– Regjeringa peikar stadig på jordbruksoppgjeret som kjem i mai. Vi treng tydelegare signal no, seier han.
Bondelagsleiaren ber regjeringa om å komme tydelegare på banen med kompenserande tiltak i vår og ein kompensasjon for auka gjødselprisar. Han ber òg om ein garanti for det samla norske jordbruket om at det skal vere mogleg å få produksjonen til å lønne seg.