nyhende
Gjev ut album og skal varma opp for Sigrid
Sveibuen Ruth Victoria Rømyhr gjev ut sitt første album på fredag 20. oktober. Vegen dit byrja i Melodi Grand Prix Junior. Om ein månad varmar ho opp for den internasjonale pop-dronninga Sigrid.
Det har vore nokon travle månadar for Ruth Victoria Rømyhr, kjend med artistnamnet RÜ.
Ved sida av full jobb har ho spelt inn album, heldt konsertar og vore aktiv som artist. Sveio-jenta flytta til Oslo for om lag to år sidan og jobbar dagleg som aktivitetskoordinator på ein skule.
Endeleg album
No er ho klar til å debutera med albumet sitt, som har fått det franske namnet «La Petite Princesse» (den lille prinsessa). Namnet tok tid å landa på. Då Vestavind snakka med ho i februar tidlegare i år fortalde RÜ at ho hadde mange idear men var vanskeleg å bestemma seg. Kva musikksjanger ho tilhøyrar er også ikkje lett å seia.
– Eg kan ikkje henga meg på berre ein kror, sa RÜ til Vestavind i februar.
Fredag 20. oktober kjem albumet ut, og kvelden før skal RÜ halda konsert i Oslo for å markera hendinga. Det verre berre ei i rekka av mange konsertar for sveibuen dei siste månadane. Og den største ligg føre ho. Berre ein månad seinare skal ho på scena og varma opp for den internasjonale popstjerna frå Noreg, Sigrid.
Varmar opp for popstjerne
RÜ vart valt ut i eit samarbeid mellom Sigrid og NRK P3 Urørt, som ein av 22 artistar som skal få varma opp på ein konsert. RÜ var ei av dei som vart løfta fram og anbefalt av P3 Urørt, då ho deltok i den årlege tevlinga for nykommarar.
Albumet hennar har vore produsert av etablerte bransjefolk, mellom anna produsent Kim Ofstad, kjend som både trommeslagar i D´Sound og som produsent for Madcon. Prosessen har teke litt over eit år. Første gong ho var i studio for å laga album var i september i fjor.