nyhende
Gjev pris til Ingrid (19) frå Sveio
Klatraren Ingrid Kindlihagen frå Sveio får Haugesund kommune sin idrettspris for 2021.
Det er ikkje kvar dag at ein sveibu blir offisielt heidra av Haugesund kommune. Det skjer i år. Tysdag vart det kjent at Ingrid Kindlihagen (19) frå Sveio får Haugesund kommune sin idrettspris for 2021.
Vestavind slo på tråden til 19-åringen frå Rophus får å høyre om ho har gjort haugesundar av seg.
— Nei, det har eg ikkje, forsikrar ho og ler.
Ho fortel at det er i Haugesund ho har lagt grunnlaget for dei sterke resultata ho leverer i klatreveggene. Fram til ho var russ i vår, var ho elev på klatrelinja ved Haugesund toppidrettsgymnas. Ho har dessutan konkurrert for Haugaland Klatrelag heile vegen, og klubben held i Haugesund.
— No i haust har eg faktisk vore mest i Oslo, men også reist mykje rundt i verda saman med landslaget i klatring, fortel ho.
Både pris og stipend
Prisen ho får frå Haugesund kommune, som truleg vil vere eit kunstverk, set ho høgt.
— Det er veldig kjekt å bli lagt merke til, det gir meg mykje motivasjon, seier ho.
Det er elles ikkje første gongen Ingrid Kindlihagen blir sett pris på for sine prestasjonar. Tidlegare i år fekk 19-årigen kulturstipend på 5.000 kroner frå Sveio kommune. I fjor fekk ho også 40.000 kroner i idrettsstipend frå Vestland fylkeskommune. Tidlegare har ho også fått idrettsstipend frå Haugesund kommune.
Så seint som for ei veke sidan fekk ho 50.000 kroner i det såkalla G9alt-stipend, som Sparbank SR-stiftinga deler ut til talent frå Agder, Rogaland og Hordaland.
— Det var veldig kjekt, slike stipend kjem godt med, seier ho.
Beste norske klatrar
Kindlihagen blir heidra for sine sterke resultat både nasjonalt og internasjonalt. Ho kom i år mellom anna heilt til semifinalen i det som vart hennar siste junior-VM.
— Eg har aldri klatra i semifinale i junior-VM, så det var eg nøgd med, seier ho.
Så seint som i november vart ho nordisk meister både i senior- og juniorklassen, og kan også vise til ein fin 13. plass i europeiske juniormeisterskap i år. Ho kan også vise til fleire gode resultat i europacupen.
Flyttar til Austerrike
I tida som kjem blir det lite å sjå til 19-åringen, korkje i Sveio eller i Haugesund. For i februar pakkar ho ein ekstra stor koffert og flyttar ho til Austerrike.
—Eg skal bu i Innsbruck. Der ligger eit av dei beste klatresentra i verda, og eg får klatre samen med nokon av verdas beste utøvarar, fortel Kindlihagen.
Ho ser føre seg å vere i Austerrike i alle fall i eit halv år. Der kjem det meste av tida til å handle om å bli ein endå betre klatrar. Ho vil også prøve å studere litt ved sida av. Men først og fremst handlar det om idretten.
— Neste år blir mitt første år som senior. Eg har nok eit godt stykke fram for å nå nivået til dei aller beste i seniorklassen, men målet er å bli så god som mogeleg, seier ho.
— Raust regionsenter
Haugesund-ordførar Arne Christian Mohn (Ap) ser det ikkje som noko nederlag at kommunen han er øvste leiar for må sjå utafor eigen kommunegrense når dei skal dele ut sin idrettspris.
— Den går jo til ein utøvar som representerer ein klubb frå Haugesund, seier han.
Han legg vekt på at han meinar at Haugesund som regionsenter må kunne vere såpass rause når det er utøvarar frå Haugalandet som utmerker seg i sin idrett.
— Me har tidlegare delt ut prisen til alpinisten Jesper Saltvik Pedersen frå Karmøy, som representer Plogen skiklubb frå Haugesund, legg han til.
Juryen for idrettsprisen bestod, forutan ordføraren, av leiar av utval for kultur, idrett og frivilligheit Tor Inge Fredriksen, leiar av Haugesund idrettsråd Rolf Børseth og Haugesund kommune sin idrettssjef Kjetil Bårdsen Lande.