nyhende

Gjertrud Osmundsen gler seg til å ta fatt på politisk arbeid som nytt styremedlem i Vestland Bondelag.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Gjertrud Osmundsen gler seg til å ta fatt på politisk arbeid som nytt styremedlem i Vestland Bondelag.

Gjertrud (52) er klar for større oppgåver

Gjertrud Osmundsen er vald inn i styret til Vestland bondelag. — Det blir nok ei bratt lærekurve, seier 52-åringen frå Nordskog i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Det var torsdag denne veka at ho vat vald inn som fast styremedlem i Vestland bondelag. Det skjedde under årsmøtet som fann stad i Ullensvang.

Ny i Bondelaget

Osmundsen har ikkje hatt verv i fylkeslaget tidlegare. Bondelaget hadde ho heller ingen røynsle frå då ho vart vald som leiar i Sveio bondelag i oktober i fjor. Men røynsle frå organisasjonsarbeid har ho. Osmundsen har mellom anna vore seks år i Rådet i Tine SA, som er det mellomste tillitsvald-leddet i samvirket, før ho ga seg der i fjor.

— Det er vel med meg som med gamle sirkushestar. Har du først fått sansen for organisasjonsarbeid, og trivst med det, så er vegen tilbake kort, ler ho.

Jordbruksoppgjeret

Til dagleg driv ho gard på Nordskog i Sveio. Der driv ho med mjølkekyr i samdrift med Jan Holger Hamre i selskapet i Candalt DA. I tillegg har ho litt slaktegris.

Ho er spent på kva som ventar av arbeid i Vestland bondelag.

— Vi skal ha første styremøte neste veke, så førebels veit eg lite om kva eg har sagt til. Me får noko god opplæring, seier ho.

Men ho reknar med at jordbruksoppgjeret vil vere hovudtema i tida som kjem. Det er eit oppgjer ho og mange andre bønder har store forventningar til.

— Eg håpar me kan få på plass ei god avtale for bøndene. Om regjeringa legg til grunn semja frå Hurdalsplattforma.

Gjertrud Osmundsen seier at mange bønder har forventningar til årets jordbruksforhandlingar.

Ho peikar på at bøndene også møter store utfordringar med auka straum- og dieselprisar.

— Samtidig som den internasjonale matkrisa tilseier at me i Noreg bør produsere så mykje me kan til eiga befolkning, framfør å handle frå dei som ikkje har så mykje pengar for å kjøpe mat for, seier Osmundsen som kjenn seg klar for å gyve laus på jordbrukspolitiske oppgåver.

Leiar tok attval

Anders Felde tek til på sitt andre år som leiar i Vestland Bondelag. Før det var han leiar i Sogn og Fjordane Bondelag i 5 år.

Med seg får han Marianne Nordhus som nestleiar.  Årsmøtet i Vestland Bondelag vart gjennomført i Ullensvang den 9. og 10. mars , og var det første møtet der utsendingane kunne møtast fysisk etter samanslåinga av Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag.

Som styremedlemer for to år vart valde:

  • Marianne Nordhus, Halsnøy Bondelag (Attval)
  • Kari Sigrun Lysne, Lærdal Bondelag (Attval)
  • Andreas Wiese, Luster Bondelag (Ny)
  • Gjertrud Osmundsen, Sveio Bondelag (Ny)

Desse sit også i styret, men er ikkje på val i 2022:

  • Ole Bjarne Hovland, Årdal Bondelag
  • Olav Myhr, Eikanger Bondelag
  • Knut Byrkjenes Hauso, Ullensvang Hagebrukslag
  • Gry Ingvild Agjeld, Olden Bondelag

Varamedlemer valde for 1 år

  • 1. vara Kjersti Hjelmeland, Omvikdalen Bondelag (Attval)
  • 2. vara Nils Magne Gjengedal, Hyen Bondelag (Attval)
  • 3. vara Grethe Monica Haug, Voss Bondelag (Ny)
Powered by Labrador CMS