nyhende
Gjer seg klar til skulestart
Rektor Lene Lier held på å løysa ein kabal før skulestart om to veker. Lærarar må fordelast slik at timeplanane går opp. – Det skal me klara, seier rektoren.
Nokon kjem tilbake til skulen etter sommarferien litt før alle andre. Ei av desse er rektor ved Sveio skule, Lene Lier. Måndag var det tilbake til jobb.
– Me har alle hovuda på plass blant lærarane. Det er timeplanlegginga som står att, seier ho.
Kvart skuleår skal timeplanane til kvar klasse lagast på ny, og då er det ein del omsyn som skal takast.
– Når ein lærar skal undervisa i eit fag så må ein ha kompetanse i det faget, forklarar ho.
Lærarutdanninga har endra seg
Årsaka er at utdanninga av lærarar har gått bort frå ein modell der alle kan undervisa i alt, og er no retta etter kva komande lærarar sjølv vel å fokusera på.
– Allmennlærarar var noko ein hadde meir før i tida. No til dags er dei ofte spesialiserte i enkelte fag, seier Lier.
Det gjer at å laga timeplanar for alle klassane vert litt meir komplisert enn å berre ha ein lærar. Ein må ha riktig lærar.
– Sei at du har ei lærarstilling til å undervisa i naturfag og engelsk, så er det ikkje sikkert at du finn ein lærar som har kompetanse i begge fag, forklarar rektoren.
Difor er det ikkje automatisk at ei 100 prosent stilling vert dekka av ein person, som det ofte er i andre yrke.
– Det er slike ting som kan vera utfordrande, seier Lier.
Og lærarane må fordelast slik at ingen lærar får for mange klassar, og at ingen skuleklassar står att uten lærar med riktig kompetanse.
Lovar å vera klar til skulestart
Kvart år skjer det gjerne utskiftingar, då tilsette går ut i permisjon og liknande. Då må lærarar erstattast og kabalen leggast på ny.
– Det er litt som å legga eit puslespel, så det tar litt tid å få på plass, seier Lier.
– Får de alle bitane på plass?
– Det gjer me. Det skal me klara, seier ho.
Rektoren fortel at det ikkje er eit spesielt fag dei manglar eller har utfordringar med å dekka.
– Det varierer frå år til år. Eit år er det eit fag, og det neste noko anna. Det avheng litt av permisjonar og slikt, seier ho.
– Så alt vert klart til skulestart?
– Alt vert klart. Me har to veker til skulestart, seier Lier.