nyhende

Gjekk over all forventning

Det var mange spente tilsette, elevar og foreldre då elevane i småskulen hadde første skuledag etter 12. mars. Sjølv om mykje var annleis, blir det rapportert at dagen gjekk veldig bra.

Publisert Sist oppdatert

Kommunalsjefen rosar alle tilsette på skular og barnehagar for både entusiasme, evne til å snu seg rundt og finna gode løysingar og ein formidabel innsats for å få på plass best mogeleg smittevern.

– Det er litt av eit regime som er innført, og ein kvardag som er eit godt stykke unna det me hadde før 12. mars. Slik vil det også vera ei stund framover. Kanskje får me ikkje normale dagar før over nyttår, seier Solfrid Lier Habbestad, kommunalsjef skule, barnehage og kultur.

Ho hadde møte med styrarane i dei kommunale barnehagane måndag, og tilbakemeldingane er gode. Sjølv om kvardagen er utfordrande med sterkt fokus på smittevern og minst mogeleg nærkontaktar med inndeling i små grupper og soneinndeling inne og ute.

– Det var eit veldig positivt møte. Dei tilsette er lukkelege for at ungane er tilbake, og ungane er glade for å vera tilbake. Og dei er veldig flinke til å vaska hender og følgja dei nye reglane, seier kommunalsjefen.

Alt gjekk bra første skuledag

Måndag ettermiddag hadde ho også kontakt med skulane i Sveio etter første skuledag for 1.-4. klasse.

– Skulane rapporterte at dagen hadde gått veldig bra, og det er stor entusiasme over å vera i gang igjen, seier kommunalsjef Solfrid Lier Habbestad.

– Dei rapporterte at dagen hadde gått veldig bra, og det er stor entusiasme over å vera i gang igjen. Me var heldige med vêret i veka som gjekk, og denne veka ser også ut til å bli bra. Det gjer det enklare når mykje av dagane skal tilbringast ute, anten det er godt eller dårleg vêr, seier Lier Habbestad.

Einingsleiar Arve Myklebust ved Valestrand oppvekstsenter stadfestar at første skuledag gjekk betre enn venta.

– Første dag med elevar på 1.-4. trinn gjekk over all forventning. Elevane var godt førebudde frå heimane og tok alle føringane skulen hadde gjort på ein framifrå måte. Både elevar og tilsette gjorde ein flott innsats den første dagen etter oppstart, seier han.

Alle tilbake før sommaren

Framleis er det mange elevar og lærarar som har heimeskule. Målet er at alle elevar skal tilbake på skulen før sommarferien. Dei nasjonale føringane for dette er varsla i løpet av neste veke.

– No har me god plass på skulane både inne og ute. Når klassetrinna over småskulen skal tilbake, blir plass ei av utfordringane i høve til nok avstand mellom elevane. Kanskje må det løysast med at elevane ikkje er på skulen kvar dag. Me er i gang med planlegging, og den vil bli meir konkret når me får informasjon til veka, seier Lier Habbestad.

I dag, tysdag, skal også alle barnehagane, skulane og ein del kommunalt tilsette ha nettmøte med smittevernlege Ståle Andreassen på Teams.

–  No har både barnehagar og skular fått litt erfaring med smittevern og rutiner. På møtet kan dei både dela erfaringar og drøfta ulike ting med smittevernlegen på ein heilt anna måte, seier kommunalsjefen.

Gode planar ved smitte

– Har de fått reaksjonar etter det store smitteutbrotet på Karmøy?

– Ikkje som eg kjenner til. Det er ikkje uventa om det blir fleire smitta i Sveio også no når samfunnet opnar delvis opp igjen. Dette har me gode planar og rutiner for, og både barnehagar og skular har klare retniningslinjer for korleis det skal handterast, frå det minste snufs til karantene. Blir til dømes ein elev sjuk, har skulane eit eige rom der ho eller han skal venta til føresette kjem, seier Lier Habbestad.

Powered by Labrador CMS