nyhende
Gjekk ikkje heilt etter planen, men fekk brent meir enn planlagt
Laurdag var Ryvardsmarka beitelag og Haugaland lyngbrannreserve i full sving på Ryvarden. Rim gjorde at dei måtte snu litt på planen.
Området det skulle brennast går frå vegen til Ryvarden og ned mot sjøen. Lyngbrenninga pågjekk frå om lag halvvegs ut til Ryvarden og heilt ut til kulturfyret. Brenninga starta i 09.00-tida og heldt på utover dagen.
– Det hadde lagt seg rim på ein del av området i løpet av natta, så me sleit med å få fyr på lyngen fordi den var fuktig. I solsidene utpå dagen blei det bra fart etter kvart. Sjølv om det er område me må gå over ein gong til, fekk me likevel brent meir enn dei 80-100 måla som var målet for dagen, seier Torbjørn Larsen, som både er leiar i beitelaget og medlem i lyngbrannreserven.
Arbeidet som blir gjort er ein del av skjøtselsplanen for kystlyngheia. Brenninga fornyar lyngen og gir betre beite. Det bidrar også til å hindra brannar som ikkje er planlagt. Etter kvart skal så store område vera brent at ein kan begynna med såkalla mosaikkbrenning av mindre område kvart år.