nyhende

Kretsmeistarar frå venstre: Bertine Ottesen Frimanslund, Lara Marie Mocci, Emilie Grinde Maja Jørgine Matre Aronsen, Amalia Vincenza Mocci, Ida Ottesen Frimanslund og Mathilde Matre Aronsen.FOTO: PRIVAT
Kretsmeistarar frå venstre: Bertine Ottesen Frimanslund, Lara Marie Mocci, Emilie Grinde Maja Jørgine Matre Aronsen, Amalia Vincenza Mocci, Ida Ottesen Frimanslund og Mathilde Matre Aronsen.

Gjekk heilt til topps i speiding

I konkurranse med meir enn 20 andre patruljar var det Førdespeidarane som gjekk heilt til topps under kretsmeisterskapen på Karmøy.

Publisert Sist oppdatert

Kretsmeisterskapen i speiding vart gjennomført i kaldt vêr på Åkrasanden på Karmøy førige helg. Der konkurrerte speiderar i aldersgruppa 11 til 16 år. Konkurransen gjekk over tre dagar, i ulike disiplinar.

Kvalifiserte seg til NM

Og det var 7 jenter frå gruppe Ørn hos Førdespeidarane som sigra til slutt. Gruppa bestod av Bertine Ottesen Frimanslund, Lara Marie Mocci, Emilie Grinde, Maja Jørgine Matre Aronsen, Amalia Vincenza Mocci, Ida Ottesen Frimanslund og Mathilde Matre Aronsen.

— Dei konkurrerte mellom anna i førstehjelp, i matlaging på primus og i å lage forskjellige ting av tau og pinnar, fortel gruppeleiar Kristin Brekke Hovland i Førdespeidarane.

Med sigeren i kretsmeisterskapen er Førdespeidarane kvalifisert til Noregsmeisterskapen også i år. Og der har dei utmerka, så seint som i fjor var dei nummer to NM i det som då var eit «desentralisert» meisterskap, kor oppgåvene blei løyst heime og resultata sendt inn elektronisk.

I år blir NM arrangert i Levanger i Trøndelag, noko som betyr ein ikkje ubetydeleg kostnad for ei lita speidargruppe, om dei vel å ta turen nordover.

— Jentene er innstilt på å reise, og me har fått på plass leiarar. No må me berre sjå om vi får dette til økonomisk, seier Brekke Hovland.

Tredjeplass til småspeidarane

Også småspeidarane i gruppa Ulv frå Førde deltok på kretsmeisterskapet på Karmøy. Leon Bråtveit Dagsland, Aurelio Nuccio Mocci, Tuva Ottesen og Jens Olav Steindal Halleraker frå gruppa sikre seg ein fin tredjeplass i konkurranse med om lag 20 andre lag.

Småspeidarane hadde ein avgrensa konkurranse, som gjekk føre seg éin dag.

Småspeidarane venstre: Leon Bråtveit Dagsland, Aurelio Nuccio Mocci, Tuva Ottesen og Jens Olav Steindal Halleraker.
Powered by Labrador CMS