Tidlegare partitopp i Arbeidarpartiet, Trond Giske, er blitt leiar av det største lokallaget i partiet – Nidaros Sosialdemokratiske Forum i Trondheim.FOTO: NPK
Giske går mot planane til regjeringa om kraftutbygging
NPK-NTB: Tidlegare partitopp i Arbeidarpartiet, Trond Giske, går mot si eiga regjering og seier utbygging av ny kraft ikkje vil få ned straumprisane.
I eit intervju med Klassekampen seier Giske tysdag at det har vore ein stor tabbe å kople Noreg til den europeiske kraftmarknaden med to overføringskablar til. Han er kritisk til planane til regjeringa om å byggje ut ny fornybar kraft i Noreg før forholdet til utanlandseksporten er regulert.
– Om vi aukar kraftproduksjonen med 5 eller 10 TWh ved å setje opp vindmøller på kvart nes, så vil ikkje det påverke prisen nemneverdig. Ny, fornybar kraft vil berre få prisen ned om du samtidig har ein regulert utanlandshandel. Det er det som er poenget, seier Giske.
Den tidlegare sentrale toppolitikaren i Arbeidarpartiet, har sidan han trekte seg som nestleiar etter fleire varsel i 2018, vorte leiar av det største lokallaget i partiet – Nidaros Sosialdemokratiske Forum. No har lokallaget i Trondheim vorte ei av dei kraftigaste motrøystene i partiet.
– Krafta var meint å vere ein konkurransefordel for næringslivet og eit velferdsgode for folket. Vi bygde kraftverk for å sikre folket rimeleg energi, ikkje for å tene pengar på utanlandshandel. Statnett må få mykje meir mandat til å regulere utanlandshandelen for å sikre desse verdiane, seier Giske.