nyhende
Gir ungdommar eit tilbod i haustferien
Sveio kommune sin ungdomslos held saman med Frivilligsentralen fleire fritidsarrangement for ungdommar denne haustferien. Tysdag vart det pizza og bordtennis, og på fredag vert det paintball.
Kristine Kaldheim Mundal er ungdomslos for Sveio kommune og er ei av dei to som står bak tilbodet. Ho står klar i døra til gymsalen på Vigdartun for å ta imot ungdommar som ynskjer å vere med.
Saman med Guro Røher Eriksen frå Frivilligsentralen byr dei ungdommane på pizza, spel og aktivitetar.
— Me har tilpassa det til tidspunkt kor det går buss frå Førde og Haugesund, så flest mogeleg kan delta, seier Eriksen.
Dei har ein stor gymsal og eit anna aktivitetsrom til disposisjon, der det kan til dømes spelast bordtennis.
Mundal fortel at dei fekk ideen til å halde fleire aktivitetar i løpet av veka ganske nyleg.
— Det var jo litt spontant, men det kom ut av at vi såg det ikkje var noko anna tilbod for ungdommane i haustferien, seier ho.
På fredag vert det nok eit arrangement, og då går turen til paintball-banen på Vikse.
Der er allereie påmeldinga full.