nyhende
Gir ungdom ein annleis start på Loftet
Sveio skule har i eitt års tid hatt eit morgontilbod til elevar som treng ein mjuk start på dagen. Det blir godt tatt i mot.
Roleg musikk. Dempa belysning. Knekkebrød. Planter. Ein vaksen å prata med i eit anna miljø. Loftet er eigentleg eit vanleg klasserom i 2. etasje på Vigdartun, men pultane og harde stolar er erstatta av mjuke sofaar og ei anna stemning.
Dei som er svoltne får tilbod om ein enkel frukost, slik at dei er betre rusta for timane som kjem.
Vaksen tilstades
Tilbodet blei starta i fjor haust, og skal vera ein annan overgang til skulekvardagen for dei som treng det. Frå klokka ringer inn og ein halvtime inn i skuledagen, kan ungdomsskuleelevane som har avklart behovet med kontaktlæraren begynna skuledagen sin her.
– For nokon er det ein tøff overgang frå heim til skule. Dei kan få starta dagen sin på ein litt annan måte, seier miljøterapeut Kristina Våge Ballard.
Ho trur dette kan vera førebyggjande, i eit psykisk helse-perspektiv. Det er god orden på kven som treng denne mjuke starten.
– Det kan og vera livet som skjer. Ulike kriser som kjem og går i periodar. Her kan ein snakka med ein vaksen om ein har ein dårleg dag, seier Ballard.
Pusterom
Det er som regel Hilde Urnes ungdomane møter på. Ho er ungdomsrettleiar, og blir kalla «skulemamma» av kollega Ballard.
– Loftet er ein stad elevane kan komma til om dei treng eit pusterom i kvardagen, ein plass for ro og eventuelt ein prat. Me ser at elevane synest dette er ein god plass å vera, og at dei kjem igjen om dei treng det, forklarar Urnes.
Loftet er alltid bemanna.
– Eg kan tilby ein samtale om laust og fast, litt hjelp til skulearbeid og ein kopp kakao.
– Kvifor blir du kalla skulemamma?
– Det er nok sidan eg i løpet av ein dag og ei veke er tett på elevane på ungdomsskulen. Dei ser meg mykje rundt om kring, inne og ute. Med gode relasjonar veit dei at dei kan stola på meg, og ta kontakt om det er noko dei lurer på eller treng hjelp til, også utanom skulen, seier Urnes.
Ønskjer å koma
Rektor ved Sveio skule fortel har Loftet har fleire funksjonar.
– Det eine er fellesskap og få vera i lag. Det andre er skjerming, når elevar har behov for det. Me har prøvd å laga trivelege omgivnadar der det er godt å vera, med vaksne tilstades som ser og høyrer, seier Lene Lier.
Kommunen har søkt og fått innvilga prosjektmidlar til arbeid med psykisk helse i ungdomsskulen, eit tilskot til innsats for sosial utjamning av helseskilnadar i kommunen. Prosjektet heiter «Kunnskap, kompetanse og samspel for god psykisk helse i ungdomsskulen», der tilsette vil sjå på gode tiltak både når det gjeld førebygging og oppfølging av psykisk helse.
– Kva tilbakemeldingar får de på Loftet?
– Dei beste og viktigaste tilbakemeldingane får me frå elevane sjølve, dei ønskjer å koma og gir uttrykk for at dei har det bra der. Me håpar dette er eit tilbod som kan halda fram, då me ser at dette er ein god plass for mange, men det vil alltid handla om ressursar, seier Lier.