nyhende

Administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, har varsla styret om at han ønskjer avløysing.ARKIVFOTO: EIRIK DANKEL/HELSE FONNA
Administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, har varsla styret om at han ønskjer avløysing.

Gir seg etter 11 år som toppleiar i Helse Fonna

Administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna har varsla styret om at han ønskjer å gi seg som toppleiar i helseføretaket.

Publisert Sist oppdatert

Olav Klausen har i dag bedt styret i Helse Fonna om å få avløysing som administrerande direktør. Klausen har hatt stillinga sidan 2011», heiter dei i ei pressemelding frå Helse Fonna.

Takkar for innsatsen

Styreleiar Petter Steen jr. takkar for jobben Klausen har gjort.

— Olav Klausen har gjennom 11 år som administrerande direktør i Helse Fonna lagt ned eit fantastisk arbeid for å utvikla føretaket, slik at det er godt budd på å møta utfordringane vi veit kjem dei neste åra. Helse Fonna er svært takksam for jobben Olav Klausen har gjort for tryggleiken til menneska på Haugalandet, i Sunnhordland, Indre Ryfylke og Indre Hardanger. Ei god spesialisthelseteneste er det aller viktigaste elementet i eit fungerande velferdssamfunn, seier Steen i pressemeldinga.

Han legg til at det vil bli krevjande å finna ein etterfølgjar etter Olav Klausen, men det er denne jobben styret no skal starta på.

— Det å leia Helse Fonna bør vera ei av dei mest spanande og utfordrande toppleiarstillingane i storregionen, meiner han.

Byrja i sommarjobb

Det er 40 år sidan Olav Klausen hadde sin første sommarjobb som pleiemedhjelpar ved hjarteavdelinga ved Haugesund sjukehus. Han studerte medisin ved Universitetet i Bergen frå 1979 og arbeidde etter turnustenesta ved Haukeland universitetssjukehus. Han reiste tilbake til heimbyen i 1989 og har sidan 1995 hatt stillingar på alle leiarnivå i føretaket saman med jobben som øyre-nase-halslege og øyrekirurg.

I 2011 blei han viseadministrerande direktør og seinare same år administrerande direktør. Han har tidlegare også vore hovudtillitsvald for legane, og har både som tillitsvald og leiar delteke i mange råd og utval, både lokalt og nasjonalt.

— Då eg starta som administrerande direktør var eg best kjend med Haugesund sjukehus. Eg har sidan det blitt godt kjend med og glad i dei andre sjukehusa, dei distriktspsykiatriske sentera, ambulansestasjonane og dei som arbeider i føretaket. Saman med mange dyktige og engasjerte leiarar har eg hatt gleda med å leie ein stor organisasjon. Eg har vore leiar for svært mange gode og engasjerte medarbeidarar i bortimot 30 år. Det gode samarbeidet med vernetenesta og dei tillitsvalde har bidrege til at vi har fått mykje til, seier Klausen i pressmeldinga.

Powered by Labrador CMS