nyhende

Trond Mohn støttar ingeniørutdanningane på Vestlandet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB/ NPK
Trond Mohn støttar ingeniørutdanningane på Vestlandet.

Gir milliongåve til ingeniørutdanningane

Publisert Sist oppdatert
NPK: Investor og næringslivsleiar Trond Mohn gir 25 millionar kroner til Høgskulen på Vestlandet for at dei skal styrkje og utvikle ingeniørutdanningane.
Pengane blir gitt gjennom Framostiftelsen.

– Vi er svært takknemlege og skal bruke midlane godt, seier dekan Jens Kristian Fosse ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap på høgskulen sine nettsider.

Han fortel at Trond Mohn har støtta ingeniørutdanningane ved høgskulen over mange år. Først ved Høgskolen i Bergen og etter kvart ved Høgskulen på Vestlandet.

– Samla sett har Mohn gitt over 100 millionar kroner til høgskulen i desse åra frå 2005. Det er vi svært takknemlege for. Det har gitt oss moglegheiter til å utvikle oss fagleg og på utstyrsfronten. Støtta har vore avgjerande for den utviklinga vi har hatt og ser for oss framover.

Trond Mohn seier han er glad for å støtte ingeniørfaga ved HVL.

– Dette er vel anvende pengar. Nytten av gode ingeniørar kan ikkje overdrivast. Vi trenger ingeniørar i alle delar av samfunnet, seier Mohn.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS