nyhende

Dagleg leiar i laksefella i Etneelva, Per Tommy Fjeldheim (t.v.) saman med Cato Hauge og Allan Gaffey i samband registrering av laks i eit tidlegare høve. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen, Grannar
Dagleg leiar i laksefella i Etneelva, Per Tommy Fjeldheim (t.v.) saman med Cato Hauge og Allan Gaffey i samband registrering av laks i eit tidlegare høve.

Gir løyve til fiske og prøvetaking

Fjord- og Elvelaboratoriet i Etneelva får løyve til å fiska opp til 100 vinterstøingar av laks i 2025. Målet er å kartlegga helsetilstanden til laksen og sjå korleis gyting påverkar individa.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

Fjord- og Elvelaboratoriet blei etablert i 2013 for å testa metodar for uttak av rømt oppdrettsfisk, men har òg eit breiare fokus på villaks og sjøaure. Laboratoriet har over tid utvikla seg til å bli eit viktig referansepunkt i Noreg for forsking på desse artane.

ETNE:

Forskarane skal gjennom undersøkingane måla lengda og vekta på vinterstøingane, samt ta skjell- og feittfinneprøvar. Målet er å kartleggja helsetilstanden til laksen i elva, og å sjå korleis individ som har gytt året før, blir påverka av gytinga. Prosjektet bygger på ei tidsserie med tidlegare undersøkingar i elva.

Strenge vilkår for prøvetakinga

Løyvet er gitt med heimel i lakse- og innlandsfiskelova, men kjem med fleire vilkår. Fisket skal gjennomførast med stong og skånsame reiskapar, og all fisk skal sleppast ut i elva igjen så uskadd som mogleg.

I tillegg må forskarane innhenta eiga godkjenning frå Mattilsynet før dei kan starta undersøkingane. Dette går fram av eit brev frå Statsforvaltaren i Vestland.

Bekymring for villaksen sin situasjon

Den økologiske tilstanden i Etneelva er klassifisert som svært dårleg i offentlege vurderingar. Laksebestanden i elva er genetisk påverka av rømt oppdrettsfisk, og det generelle innsiget av laks til elvene i Vestland har vore lågt i 2024.

Likevel var talet på oppvandrande laks i Etneelva relativt godt, med 1.491 registrerte individ hausten 2024. Gytebestandsmålet for elva er 1.025 kilo, mens det faktisk gjekk opp 1.667 kilo ho-laks i fjor.

Statsforvaltaren vurderer forskingsprosjektet som nyttig for å styrka kunnskapsgrunnlaget om villaksen i elva. Dersom fisket og prøvetakinga blir utført på ein skånsam måte, meiner dei tiltaket ikkje vil ha vesentlege negative konsekvensar for naturmangfaldet.

Powered by Labrador CMS