nyhende
Gir kopp til dei som investerer i bussprosjekt
I 1964 kom det ein splitter ny buss til Sveio. Den gjekk i rute for Sveio billag, og er den einaste som er igjen frå den tida. Den siste gjenlevande sjåføren er involvert i restaureringsarbeidet. Håpet er at enda fleire skal fatta interesse for doningen, slik at den blir i topp stand.
For eitt år sidan skreiv Vestavind om Rutebilhistorisk forening avd. Haugalandet som nyleg hadde fått tak i den einaste bussen som var igjen etter Sveio billag.
Den gamle Volvo B615-en har heilt klart hatt sine betre dagar, men i følgje Kjell Inge Førland er det fullt mogleg å setja den i stand – det trengst berre dedikerte dugnadsfolk og investorar.
Tidlegare sjåfør
Gjennom artikkelen i Vestavind, fatta Harry Krossgått interesse for doningen, som han sjølv køyrde i ein periode tidleg på 1970-talet, då bussen framleis var i Sveio billag sitt eige.
– Eg var stasjonert på Tjernagel i eitt år. Ruta gjekk frå Tjernagel, nedom Buavåg der bussen korresponderte med Moster-båten, fortel Krossgått, som har vore bussjåfør i 25 år.
– Eg las i Vestavind at bussen skulle stå på Ekrene i nokre dagar. Eg visste at eg er den siste som lever som har køyrt den ruta i Sveio billag, derfor var eg interessert i denne bussen. Eg tok meg ein tur ut, og då stod han der, og eg kom meg ikkje ut før eg hadde teikna medlemsskap, humrar Krossgått, og ser på Førland.
– Eg har lokka han litt, smiler Førland.
I haust har det vore god aktivitet i garasjen til Krossgått på Frønsdalstunet i Sveio sentrum. 80-åringen har pussa rust av seterammene og grunnar dei, slik at dei blir klare for neste steg. Førland har kome med slitte seterammer etter kvart som dei andre har blitt klartgjorte.
God respons
Den gamle Sveio-bussen, og fleire andre gamle bussar i distriktet får eigne bankkontoar. Det skal sikra at pengane folk investerer går til objektet dei ønskjer.
Dugnadsarbeidet med Sveiobussen i gong, men den siste tida er det ein Tysværbuss som har hatt størst prioritet.
– Me møter god respons for å ta vare på slike ting. No har me laga ein kopp og konto for Sveiobussen, fortel Førland. Arbeidet vil bli gjort på dugnad, og det er råd å få tak i eller laga dei fleste delar og inventar som trengst, men det kostar.
Kopp som bevis
Dei som kjøper seg ein andel i bussen, får nemleg ein nummerert kopp i gåve, som bevis for investeringa. Planen for duoen var å visa fram bussen i Sveio sentrum ein dag i haust, mellom anna for å vekka interesse blant moglege investorar.
Etter sprengingsulukka på Ekrene 5. oktober, blir det dessverre ikkje mogleg på ei stund, då bussen ikkje er køyrbar lengre.
– Me avventar litt med den planen. Bussen fekk svære steinar på taket og dermed karrosseriskadar, seier Førland. Nokre ruter gjekk også sund då salva gjekk gale.