nyhende

Gir daglegvarekjedene kjempebot på totalt 4,9 milliardar kroner

Norgesgruppen får 2,3 milliardar kroner i gebyr, Coop og Rema 1000 1,3 milliardar kroner kvar for ulovleg prissamarbeid, varslar Konkurransetilsynet.

Publisert Sist oppdatert

Bakgrunnen er brot på konkurranselova.

– Samarbeidet mellom Coop, Norgesgruppen og Rema 1000 inneber i praksis at kjedene har delt store mengder prisinformasjon med kvarandre. Dette har auka gjennomsiktigheita på pris mellom kjedene, utan at forbrukarane har vorte betre informerte om prisane. Samarbeidet har derfor skadd konkurransen i daglegvaremarknaden, skriv Konkurransetilsynet i ei pressemelding.

– Eit alvorleg lovbrot

Det ulovlege samarbeidet strekte seg i alle fall over 2011-2018, og kjedene vart etter kvart oppdaterte på prisar dei hadde fleire gonger om dagen.

– Dette er eit alvorleg lovbrot, noko som blir spegla i storleiken på gebyret. Det ulovlege samarbeidet har svekt konkurransen mellom daglegvarekjedene i mange år. Dårleg konkurranse betyr normalt høgare prisar for forbrukarar. Når det gjeld daglegvarer, rammar det oss alle, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

– Når det berre er snakk om få timar før konkurrentane kan følgje eit priskutt, blir viktige insentiv svekte til å konkurrere gjennom å kutte prisane. Resultatet er svakare konkurranse, seier Magnus Friis Reitan, nestleiar ved avdeling for mat, handel og helse.

Etterforskinga til Konkurransetilsynet har gått føre seg sidan april 2018. Kjedene har høve til å klage saka inn for Konkurranseklagenemnda innan seks månader, noko Rema-eigar Reitan Retail allereie har varsla at dei gjer.

Rema 1000 vil anka

– Vi er usamde i konklusjonen frå tilsynet. Vi avviser at vi har gjort noko som avgrensar konkurransen. Dette vedtaket vil vi anke til Konkurranseklagenemnda, seier leiar for næringspolitikk i Reitan Retail, Kårstein Eidem Løvaas, i ei pressemelding.

Løvaas seier selskapet er overraska over at Konkurransetilsynet ikkje har lagt bort saka, etter det han omtalar som ein sju år lang prosess der selskapet meiner å ha «grundig motbevist tilsynets teoriar».

– Praksisen med å sjekke prisen konkurrentane tek for ei vare, har vore del av ein sunn og naturleg konkurranse til alle tider, i alle bransjar, seier Løvaas.

Han seier praksisen er ein føresetnad for at Rema 1000 kan vere sikre på å tilby dei lågaste prisane.

Coop Norge avviser brot på konkurranselova

– Vi stiller oss fullstendig uforståande til vedtaket frå Konkurransetilsynet. Coop Norge SA har ikkje gjort noko ulovleg og heller ikkje delteke i eit ulovleg samarbeid, slik Konkurransetilsynet hevdar, skriv Coop Norge SA i ei pressemelding.

– Vi kjem til å klage på Konkurransetilsynets avgjerd og om nødvendig forfølgje denne saka rettsleg. Inntil saka er endeleg avklart, noko som vil ta tid, blir det heilt feil å spekulere i eventuelle konsekvensar, seier Philipp Engedal, administrerande direktør i Coop Norge SA vidare.

Selskapet påpeikar at det er tøff konkurranse i daglegvaremarknaden og står fast ved at bruk av prisjegerar har komme forbrukarane til gode i form av låge prisar og godt utval.

Held fra med prisjegarar

Tilsynet peikar på samarbeid om prisjegerar som har fått tilgang til kjedenes høvesvis butikkar, som kjernen i problemet, og dei tre har også fått pålegg om å stanse dette. Dei tre selskapa meiner ordninga er viktig for å halde prisane så låge som mogleg.

– Vi har ingen planar om å kutte ut prisjegerane. Skal vi vere billigast, må vi vite kva prisane er i marknaden. Det gjeld innan all varehandel, seier kommunikasjonsdirektør Stein Rømmerud i Norgesgruppen til Nettavisen.

Kjedene avviser at dei har gjort noko gale og har klaga vedtaket inn for Konkurranseklagenemnda. Etter behandling der, kan saka eventuelt hamne i rettssystemet.

Rømmerud seier at Norgesgruppen er førebudd på å anke saka til Høgsterett om nødvendig.

– Neste steg blir no rettsleg, og saka vil komme til å halde fram i mange år, seier han.

Powered by Labrador CMS