nyhende
Gir bort 365 overnattingar på Olalia
I høve sitt 100-årsjubileum vil Haugesund Turistforeining dela friluftsgleda med innbyggjarar i regionen. Gjennom heile 2025 gir dei bort gratis overnatting kvar natt på Olalia sikringshytte.
Turistforeining fyller 100 år i 2025 og markerer jubileet med ei gåve til friluftsinteresserte i regionen. Gjennom heile året vil eit rom på Olalia sikringshytte vera gratis for éi overnatting per person. Rommet har plass til fire personar og kan tingast på førehand.
VINDAFJORD:– Vi ønskjer å dela friluftsgleda med endå fleire og visa fram Olalia, eit fantastisk utgangspunkt for naturopplevingar året rundt. Anten du er ein erfaren fjellvandrar eller heilt ny til turlivet, håpar vi dette inspirerer fleire til å utforska naturen og hyttene våre, seier Rune Stumo, dagleg leiar i Haugesund Turistforeining i ei pressemelding.
Tilbod for alle
Tilbodet, kalla Olalia 365, krev ikkje medlemskap i DNT. Rommet kan tingast via hyttebestilling.dnt.no, og gjeld éi natt per person i løpet av året. Dei som ønskjer fleire netter, kan tinga dette til vanleg pris på andre rom eller på hemsen.
Olalia ligg om lag 5,5 kilometer frå parkeringsplassen på Opheim, og turen opp er enkel i lett kupert terreng. Hytta er sjølvbetent med straum, toalett og eit godt utstyrt kjøken med proviantlager.
Naturopplevingar
Olalia er eit populært turområde for folk i alle aldrar. Her kan ein nyta fjellturar, skigåing og bading i Furevasselva.
For dei yngste er klatrejungelen rett ved hytta eit trekkplaster, og om vinteren blir det køyrt opp skispor heilt inn til hytta.