nyhende
Gebyrauke på 10 prosent
Vatn, avlaup og renovasjonsgebyr (VAR) kjem til å stige 10 prosent, til om lag 10.000 kroner, neste år. Samstundes skal eit nytt vatnbehandlingsanlegg byggast i 2023 ved Forevatnet, og når det står ferdig vert det enda eit prishopp på 500 kroner.
Økonomisjef Peter Olav Lura forklarar kvifor gebyr for vatn, avløp og renovasjon (VAR) kjem til å stige etter nyttår:
— Auken for 2023 kjem som følgje av at tenesta har gått med underskot dei seinaste åra, seier han.
Sjølvkost
Sveio må også utbetre eksisterande røyrnett ifølgje administrasjonens framlegg til budsjett. Det vil krevje meir pengar.
Prinsippet som styrar VAR-kostnadar er såkalla sjølvkost. Det betyr at det er brukarane som tar rekninga.
I 2021 var utgiftene for vatn og avløp på 6885 kroner per bueining, om ein tek ein gjennomsnitts-storleik på 120 kvadratmeter.
Då er det ikkje medrekna renovasjonsgebyret på 2.381 kroner, som til saman vert 9.266 kroner.
— I 2023 vil prisen truleg bli 7.640 kroner for vatn- og avløpstenester, seier Lura.
Dei samla VAR-utgiftene vil då vere om lag 10.000 kroner for ein bueining på 120 kvadratmeter.
Samanlikna med nærliggjande kommuner vert prisnivå og auke i Sveio under gjennomsnittet, visar tal i frå administrasjonen.
Måtte bygge nytt anlegg
— Me held på å prosjektere anlegget for å få det ut på anbod seinare, seier Tore Johan Enerstvedt i Sveio kommune.
Han er prosjektleiar for nytt vatnbehandlingsanlegg ved Forevatnet, ein investering som Sveio kommune vart naud til å gjere grunna auka beredskap rundt drikkevatn.
Myndigheitene kom med strengare krav i 2017. Det skal vere to vatnbehandlingsanlegg uavhengige av kvarandre, slik at det eine kan levere vatn til alle kundar i eit heilt år, om det andre anlegget eller kjelda vert øydelagt.
Då fekk Sveio to val. Enten å bygge sjølv ved Forevatnet, eller vere med på samarbeidsprosjekt med fleire kommunar på Haugalandet. Det fyrste er rekna til om lag 50 millionar kroner utan moms, det andre om lag 150 millionar kroner.
Nytt anlegg ved Forevatnet vart vedteke på kommunestyremøte den 26. september i år.
Auke på 500 kroner
Kostnadane frå Forevatnet vil gje enda eit prishopp for sveibuar. I saksdokumentet som vart vedteke står det:
— Auken ser ut til å kunne bli i overkant av 500 kroner i gjennomsnitt per abonnent.
Men, auken grunna nytt anlegg ved Forevatnet kjem først når det er ferdigstilt.
— Når prosjektet blir realisert vil auken på gebyr og avgifter kome, seier Enerstvedt.
Prosjektleiaren seier dei har som mål å få ut anbodet til sommaren i 2023, med byggjestart til hausten.
— Så vil det ta om lag eit og eit halvt år med byggjetid, seier Enerstvedt.
I eit dokument frå kommunen til Mattilsynet skriv kommunen at dei trur prosjektet er klart innan sommar 2025.