nyhende

Det er merkbart færre ballar i omløp på driving range nå enn før, fleire tusen ballar er vekke. Om nokon skulle ha ballar liggjande, er dagleg leiar i Sveio golfpark, Gavin Hinds glad for å få dei tilbake. – Dei kan leggjast på bana her, seier Hinds.
Det er merkbart færre ballar i omløp på driving range nå enn før, fleire tusen ballar er vekke. Om nokon skulle ha ballar liggjande, er dagleg leiar i Sveio golfpark, Gavin Hinds glad for å få dei tilbake. – Dei kan leggjast på bana her, seier Hinds.

Gavin saknar fleire tusen golfballar

Det siste halvåret har det minka veldig på range-ballane som høyrer til Sveio golfpark. – Eg vil gjerne ha dei tilbake, seier Gavin Hinds.

Publisert Sist oppdatert

Ein golfar tok tidleg i september kontakt med Vestavind for å tipsa om at det var svært få rangeballar i rangemaskina, som doserer ut 24 øvingsballar i slengen til dei som skal øva på golfsvingen frå driving range.

– Er det nokon som tar med seg ballar heim, undrar vedkommande.

Få igjen

Me tar oss ein tur opp til Sveio golfpark for å høyra med dagleg leiar Gavin Hinds. Her skin sola, og parkeringsplassen er måndag føremiddag fylt opp med dei som tar seg eit slag september-golf.

Etter eit døger med god aktivitet er det få ballar igjen i range-maskina.

Hinds kan bekrefta at svært mange av ballane som blei kjøpt inn putta i rangemaskina i april/mai er borte.

– Me fylte på nær 5000 ballar tidleg i sesongen. 1200 gule og nesten 4000 kvite. Mange av dei er vekke, seier Hinds, som anslår at det er 1200-1300 ballar igjen å øva med. Det er i minste laget, spesielt i helgane.

Blir samla inn

Kvar vekedag blir ballane som er skotne ut på driving range samla inn, også dei som havnar i terrenget utanfor.

– Eg hadde tenkt at ballane skulle vara lenge, men nå har eg kjøpt inn nye, som er tenkt å vara fram til den nye rangen blir opna, dei kjem om nokre veker, seier Hinds. Det økonomiske tapet er på fleire ti-tals tusen.

Kor ballane har blitt av, veit han ikkje, men han blir ikkje forundra om nokon har samla dei inn og har dei lagra ein plass. Uansett vil han gjerne ha ballane tilbake.

Range-ballane er av ein annan kvalitet enn golfballar til banespel.

– Eg forstår at ballane kan vera freistande å ta med seg. Utan å påstå noko, har me tidlegare tatt ungar på fersken med bæreposar og gensrar fulle av ballar, som blei lagt tilbake då dei fekk vita at det ikkje var lov å ta med seg ballar. Om nokon har ballar heime og synest det er flaut å levera dei til oss, kan dei tømmast på driving range, så vil dei plukkast opp dagen etter, tipsar Hinds, som lovar å ikkje kjefta dersom nokon tar kontakt.

– Eg blir berre glad for å få dei igjen, smilar iren.

Range-ballane er laga spesielt til føremålet og derfor ein lågare kvalitet enn vanlege golfballar. Han trur ikkje at folk har tatt dei med seg for å spela golf med dei.

Ny range i 2022

Sommaren har vore bra for Sveio golfpark, som har banar på Torvastad og Sveio. Mykje aktivitet og lågare snittalder i klubben er noko Hinds er glad for.

– Me har stor vekst i aldersgruppa 18-24, og har fått mange nye spelarar. Det er me glade for, seier han. Ny driving range vil opna tidleg neste år.

Powered by Labrador CMS