nyhende
Gav bort poeng på tampen
Sveio IL er ikkje lenger uslåelege på heimebane.
Sveio hadde fram til torsdag unngått å tape på heimebane, men eit kjedeleg sjølvmål heilt på tampen av kampen øydela den fine statistikken for raudtrøyene då Torvastad 2 var på besøk.
SVEIO – TORVASTAD-2, 2-3:
Heimelaget tok leiinga i kampen ved scoring av Eirik Torkelsen Haugsgjerd etter berre fem minuttar. Men to mål av Tomas Sletten, eitt om lag midtvegs i første omgang, det andre tidleg i andre omgang, sendte gjestane i leiinga.
Ein halvtime før slutt utlikna Wilhelm Tveit for Sveio, men berre tre minuttar før slutt fekk Torvastad sigersmålet då ballen gjekk i mål via ein uheldig Lars Rødseth.
Sveio ligg på åttendeplass i 6. divisjon etter 10 serierundar i 6. divisjon. Laget har ny heimekamp allereie måndag. Då er det Trott-2 som kjem på besøk.
Tabellen ser slik ut: