nyhende
Gauken er komen og kvitveisen likeså
Søndag 2. mai høyrde Andreas Bårtvedt gauken heime på Rødmyr for første gong i år.
Ifølgje Andreas Bårtvedt var det fleire i familien hans som høyrde gauken denne dagen. Lyden kom frå nord, i retning Lyngholm.
Sveibuen meiner tidspunktet er litt tidleg, men ikkje så tidleg som i fjor, då var gauken på plass alt ein av dei siste dagane i april.
– Ikkje overraskande!
Ein annan som også har god kontroll på gauken er forfattar og lokal vêrprofet Alf Saltveit.
– Så gauken har gjort sin entré i Sveio! Ja, det kom ikkje som noko overrasking, veret har slått om, det er slutt på frostnettene og innsektene har byrja å koma. Då innfinner han seg, gauken, seier Saltveit når han får høyra om Bårtvedt sin observasjon.
Sjølv har Saltveit ikkje høyrt gauken ennå i år, men meiner at når han er komen til Sveio, reknar han med at det berre er eit tidsspørsmål før han også kjem til Saltveit i Haugesund kommune.
– Når gauken kjem på bar kvist blir det uår, så då veit me iallfall at me slepp det i år, fastslår Saltveit som synes det er viktig å ta vare på gamle folketru-tradisjonar.