nyhende

Frå trafikkuhellet i krysset mellom Tittelsnesvegen og Vågedalen i 15-tida onsdag. FOTO: GUNNHILD LØNNING
Frå trafikkuhellet i krysset mellom Tittelsnesvegen og Vågedalen i 15-tida onsdag.

Gåsefamilie skapte trafikkaos på fv. 47 – tre personar sende til legevakta

Tre personar vart sende til legevakta etter ein kjedekollisjon i krysset mellom Vågedalen og Tittelsnesvegen onsdag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 14.17 onsdag ettermiddag rykte naudetatane ut til melding om trafikkuhell i krysset mellom Tittelsnesvegen og Vågedalen i retning Haugesund.

Ein bil hadde stoppa for ein gåsefamilie som skulle kryssa vegen. Bilen vart dermed påkøyrd bakfrå.

Politiet i Sør-Vest melder på Twitter at seks personar var involverte i kollisjonen, og at tre av dei vart frakta til legevakta for nærare sjekk grunna nakke- og sjokkskadar.

Trafikken på staden vart dirigert i eitt felt, og det var i 15-tida onsdag ettermiddag ein del kø på strekninga.

Klokka 15.40 kunne politiet melda at trafikken flyt som normalt att.

Powered by Labrador CMS