Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Gardsidyll med historisk sus
I eit gamalt restaurert hus midt i Vikebygd har Jakob Rødde (69) tatt i mot gjester til små og store lag, overnatting og servering i over 20 år. Nå har han supplert tilbodet med eit fullrestaurert eldhus til bruk som serveringsstad.
Gamlatunet ligg idyllisk til like ved hovudvegen gjennom Vikebygd og består av hovudhus, eldhus, stabbur, uthus og løe. Hovudhuset på garden blei bygd rundt 1840, løa er frå 1870-åra, medan eldhuset er litt eldre. Eit grishus og eit stabbur er av litt nyare dato, og det gamle kvernhuset som stod på garden er nesten heilt borte. For snart 25 år sidan skifta eigedomen eigar og blei kjøpt av nabogarden som tilleggsjord. På kjøpet fekk den nye eigaren eit tun med bygningar som sårt trengte ei hjelpande hand for å overleva. Eit omfattande restaureringsarbeid blei sett i gang og etter fleire år med hardt arbeid kunne dagens eigar Jakob Rødde, opna dørene til eit totalrenovert våningshus klart til å ta i mot gjester som enten ønskte seg ein stad å sove for natta eller ville leige lokale til små eller store samlingar.
— Eg fekk alle dei gamle husa med på kjøpet. Dei var til nedfalls og eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjera med husa. Eg søkte om midlar og fekk avslag, seier Jakob Rødde som fekk hjelp av uventa hald til å setja hovudhuset i stand.
— Ein hyttenabo sponsa med midlar. Han ønskte at huset skulle bli tatt vare på, seier han.
I 2003 var arbeidet ferdig og han kunne gleda seg over å ha fått eit fullrestaurert våningshus klart for utleige og overnatting.
— Me har lagt nytt tak, skifta kledning, sett inn nye vindauge og isolert. Då me pussa opp stova fann me avissider frå 1888 på veggene, seier han.
Bevart særpreget
Sjølv om hovudhuset har gjennomgått ein omfattande renoveringsprosess har det ikkje mista særpreget. Dei gamle tømmerveggene innvendig er pussa ned og smurt inn med vaselinolje og malte flater har fått tilbake sin opphavlege farge. Den store peisen som går frå kjellar til loft står framleis slik den gjorde då huset blei bygd. Det same gjer dei enorme handlaga holkil-listene i bestestova.
— Me har tatt vare på det som kunne takast vare på, seier 69-åringen.
For sitt store renoveringsarbeid mottok Rødde Vindafjord kommune sin byggeskikksspris i 2006.
Utleige
Gamlatunet blir i dag drive som utleige til selskap og overnatting.
— Eg har seks soveplassar og folk kan ringja for å bestilla. Dei kan bruka heile huset og kjøkkenet, seier husverten som har hatt både nordmenn og utlendingar på overnatting i det idylliske tunet.
— Eg har hatt ein del bussturistar. Og ein gong hadde eg ein tysk familie skulle overnatta ei natt etter å ha mista ferja. Dei likte seg så godt at dei blei verande ei heil veke, seier Rødde.
Huset blir mest brukt til selskap, og med sitjeplass til 30 personar kan han ta i mot større lag. Matserveringa står husverten sjølv for. Han både kokar og bakar.
— Det går mykje i vanleg husmannskost og hjortekjøt frå eigen gard, seier han.
Bibliotek
I mange år kunne bygdefolk ta turen innom Gamlatunet for å henta seg litt lesestoff til kaffikoppen. I dag er framleis biblioteket i andre etasje fullt av bøker, men nå må folk avtala på førehand om dei ønskjer å låna ei bok eller to.
— Me overtok bøkene etter at biblioteket på bygdahuset blei lagt ned og dreiv bibliotek i 15 år fram til koronaen kom. Me hadde ope kvar onsdag og hadde litt servering. Det var populært. Det blei ein samlingsplass, seier Rødde.
Veggene i huset er smykka med lokal kunst og i biblioteket er gamle bilde av tidlegare ordførarar tatt var på.
— Eg har bilde av ordførarar i austre og vester Vikebygd. Den eine ordføraren har eigd huset tidlegare, fortel Rødde.
Eldhus og glashus
Tunet i Vikebygd har vore ein populær samlingsplass sommarstid. Her har det blitt arrangert marknader, loppemarknad, pub- og musikkkveldar. For nokre år sidan monterte huseigaren eit stort glashus i hagen med god plass til gjester, og nyleg kunne han seia seg ferdig med restaurering av det gamle eldhuset.
— Eldhuset var i ferd med å rasa saman. Eg har fått berga skiferhellene som var festa med trenaglar og har lagt nytt tak. Huset måtte byggjast opp frå botnen, seier Rødde.
Grunnen rundt det gamle eldhuset er drenert og ein flott steinmur mura av stein frå garden er sett opp rundt huset. Innvendig er den enorme gruva midt i rommet ført tilbake til fordums prakt og jordgolvet er byta ut med eit solid betonggolv.
— Planen er å bruka huset til pubkveldar og serveringsstad, seier huseigaren.
Noko arbeid står framleis igjen før tunet er fullrestaurert. Neste prosjekt blir truleg å ta fatt på det gamle bindingsverkhuset vegg i vegg med eldhuset.
— Eg håpar å få setja det i stand, seier han.