nyhende
Gardist frå Sveio: – Fredag vert det show i Haugesund
Jenny Fonnes frå Rophus avtener verneplikta si i Hans Majestet Kongens Garde. Fredag kjem dei til Haugesund for å halda oppvising. – Eg får kanskje sett heimen min i forbifarten, seier Fonnes.
Torsdag er 3. gardekompani, og menig Jenny Fonnes, i byen mellom dei sju fjell.
– Me skal opp på Fløien for å spela, og så går turen til Haugesund i morgon, seier ho.
Trivst godt i uniform
Fonnes er lagførar i stabstroppen, noko som betyr at hennar jobb er å sørga for at alle andre kan gjera jobben sin best mogeleg.
– Det er mange administrative oppgåver, og eg tek for meg logistikk og passar på dei andre, fortel ho.
For tida er ho saman med 3. gardekompani på ein vestlandsturne, og fredag klokka 12.00 skal dei halda oppvising i Haugesund. Kompaniet hennar består av ein drilltropp, ein musikktropp og ein stabstropp.
– Me går ein oppmarsj frå parken til Rådhusplassen, og så vert det ein Oladrill, seier ho.
Fonnes er menig og hadde sitt inntrykk i januar 2023. For dei som då lurar på kvifor ho meir enn eitt år seinare framleis er i uniform, er svaret at ho likar det ho gjer.
– Eg har utvida tenesta mi til 18 månadar, seier ho.
Skal på turne i Skandinavia
– Så no er du snart ferdig?
– Ja, det nærmar seg innspurten no. Me har ein skandinaviatur etter me er ferdige å reisa Noreg rundt, då skal me til Sverige og Danmark, svarar Fonnes.
– Kvifor utvida du tenestetida di?
– Eg treivst så godt. Eg likar Forsvaret og det kjennest meiningsfullt å jobba for noko som er større enn meg sjølv. Og så er det sjølvsagt gøy å reisa rundt. Etter vestlandsturneen skal me hekta oss på kongeparet sin fylkesturne, seier ho.
Menig Fonnes fortel at det vert godt å bli ferdig, samstundes som ho trur ho kjem til å sakna det. Ho utelukkar ikkje vidare karriere i Forsvaret. Men det som står i fokus no er fredag i Haugesund.
– Eg har invitert familien og håpar dei kjem, seier ho.
– Du køyrer mogelegvis forbi Rophus på vegen til oppvisinga?
– Ja, eg får nok sjå heime i forbifarten, avsluttar Fonnes.
Oladrill
Har du ikkje høve til å ta turen til Haugesund, kan du sjå Oladrill i Huseby leir 17. mai her.