nyhende
Går ut mot eiget parti
Tidlegare kommunestyrerepresentant (Sp) Dagfinn F. Bjørge er skuffa over partiet sitt etter at dei gjekk inn for konkurranseutsetting av kommunale tenester. – Rein Høgre-politikk, kallar Bjørge det.
– Eg er både forbausa og skuffa over eiget parti. Dette er rein Høgre-politikk, seier Dagfinn F. Bjørge.
Den tidlegare kommunestyrerepresentanten for Senterpartiet er ikkje nådig mot eiget parti. Årets siste kommunestyre 11. desember vedtok budsjettet for følgjande år, men alle punkta vart ikkje samrøysta. Særleg usemje var det rundt posisjonen sine forslag om konkurranseutsetting av offentlege tenester som kommunale oppgåver, vegvedlikehald og kommunale pensjonsforpliktingar.
Trongare tider krev grep
Det betyr at rådmannen skal vurdera og undersøkja kva kommunale tenester som kan konkurranseutsettast, og synleggjera positive og negative sider ved konkurranseutsetting. Årsaka til forslaget peiker på ein stadig meir krevjande økonomi, noko økonomisjef i kommunen Peter Lura tidlegare har stadfesta.
Forslaget vart røysta gjennom 14 mot 11, kor Senterpartiet som del av posisjonen stemde for. Det gjer Bjørge oppgjeven, fordi han åtvara dei på førehand mot å røysta for.
– Eg er medlem i Senterpartiet. Eg var i kontakt med partiet og sa at dei var på feil veg ved å gå inn for konkurranseutsetting av kommunale tenester, seier han.
Han trur representantane frå Senterpartiet røysta for grunna at dei har vorte med i styrande posisjon i kommunen.
– Det er vel ein samarbeidsavtale som partiet har forplikta seg til å følgja, seier han.
Får ikkje vita noko
Bjørge er heller ikkje nøgd med at han som medlem ikkje vart varsla om konkurranseutsetting på førehand.
– Eg vart tilfeldigvis gjort kjend med saka om konkurranseutsetting etter formannskapsmøtet, då Fagforbundet orienterte meg om dette, seier han.
Vidare er han kritisk til at Senterparti-medlemmane ikkje har fått vita kva som vert den felles politiske plattforma til Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet.
– Eg kjenner ikkje til innhaldet i plattforma som me er del av. Eg hadde forventa at denne avtalen vart gjort kjend for medlemmane av Senterpartiet, seier Bjørge og viser til at Senterpartiet gjekk inn i samarbeid same kveld som valdagen var den 11. september.
Gruppeleiar svarar
Gruppeleiar for Senterpartiet, Monica Vandaskog Valen, svarar at dette ikkje er riktig.
– Har medlemmane i Senterpartiet fått vita om avtalen?
– Ja, dei som var på gruppemøtet. Det er opent for alle medlemmar og det har vore tinglyst når det skal vera, seier Valen.
Ho nyanserer biletet rundt kva Bjørge seier om konkurranseutsetting.
– Me stemde for å undersøkja, seier Valen.
– Var røysta til Senterpartiet grunna samarbeidsavtale, eller fordi dykk er for konkurranseutsetting?
– Det var del av samarbeidet, men me er også nysgjerrige på mogelegheita. Det vil me få vita når rådmannen har undersøka saka, seier ho.
Bjørge avviser argumenta om trongare økonomi som grunnlag for konkurranseutsetting.
– Konkurranseutsetting kan jo spara Sveio for pengar?
– Sveio er ein liten kommune, så det har eg ikkje tru på, at det blir rimelegare for innbyggjarane våre. Pensjonsordning i privat verksemder vil kunna slå feil ut for tilsette over 55 år for å nemne noko. Sameeins kan det slå feil ut i høve lønsutvikling. Eg trur ikkje på at det vert noko av privatisering hellet, men dette signalet skapar ein bekymring for tilsette. I tillegg vil Rådmannen bruke mykje tid og ressursar på det, avsluttar han.