nyhende

I 2030 er det venta å bli fleire eldre enn barn og unge.
I 2030 er det venta å bli fleire eldre enn barn og unge.

Går mot eit historisk skifte

Noreg eldast i eit aukande tempo. Om berre ti år er det forventa at det for første gong er fleire eldre enn barn. Dette kjem fram i befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå (SSB).

Publisert Sist oppdatert

– I løpet av dei neste ti åra kan me få eit historisk skifte i Noreg med fleire eldre enn barn og unge. Det er eit skifte me aldri har sett tidlegare, seier Astri Syse, seniorforskar i SSB.

Tydeleg aldring, lågare befolkningsvekst, samt fleire og eldre innvandrarar er nokre av trendane som vil prega befolkningsutviklinga i Noreg framover.

Det er ikkje forventa at koronapandemien aukar dødelegheita, men reduserer fruktbarheit og innvandring på kort sikt.

6,1 millionar i 2060

Folketalet i Noreg vil gjennom heile dette hundreåret auka, frå dagens nær 5,4 millionar til 6 millionar i 2050 og 6,3 millionar i 2100.

Bakgrunnen for at befolkningsveksten blir lågare enn Noreg har hatt det siste tiåret, er først og fremst at innvandringa har gått ned og er forventa å fortsetta på eit lågare nivå enn i det siste tiåret.

På grunn av koronapandemien forventar SSB ein liten nedgang i befolkningsveksten dei første par åra som følgje av stengde grenser og låg mobilitet.

Kvar femte vil vera over 70 år i 2060

Me får altså ei tydeleg aldring i Noreg, sjølv om den ikkje blir like sterk som i ein del andre europeiske land.

Tal personar som er 70 år eller meir aukar frå dagens 670.000 til rundt 1,4 millionar i 2060. Det betyr at kvar femte person vil vera over 70 år i 2060, mot dagens éin av åtte.

Auken blir spesielt sterk blant dei som er 80 år eller meir. Mens talet som er over 80 år vil tredoblast før 2060, vil talet som er over 90 år nær femdoblast.

Me får ein kraftig auke av innvandrarar i dei eldre aldersgruppene. Kvar fjerde innvandrar i Noreg i 2060 vil vera 70 år eller meir.

– Framtidas eldre er allereie fødde og busett i landet vårt, og vil høgst sannsynleg også bli gamle her. Det som er meir usikkert i våre framskrivingar er kor stort påfyllet blir av yngre fødselskull, anten gjennom barnefødslar eller innvandring, seier seniorforskar Astri Syse.

Powered by Labrador CMS