nyhende

Helse Fonna og startar opp att med fleire operasjonar frå neste veke. På bildet er er Helge Espelid (t.v.) kirurgen.FOTO: EIRIK DANKEL/HELSE FONNA
Helse Fonna og startar opp att med fleire operasjonar frå neste veke. På bildet er er Helge Espelid (t.v.) kirurgen.

Går i gang med fleire operasjonar

Frå og med neste veke aukar Helse Fonna aktiviteten att.

Publisert Sist oppdatert

Gjennom heile pandemien er planlagt behandling utsett, noko som fører til at pasientar har fått utsett timen sin. No planlegg Helse Fonna fleire operasjonar att.

— Vi aukar opp forsiktig med operasjonar, slik at vi får behandla fleire pasientar, som no sit og ventar på å komme inn for operasjon, seier administrerande direktør Olav Klausen i ei pressemelding torsdag.

Færre pasientar

Helse Fonna er framleis usikre på korleis dei neste vekene blir med tanke på korona.

— Men akkurat no er det færre koronapasientar innlagd, spesielt på intensivavdelingane våre. Difor aukar vi opp no, men kan fort ta ned att drifta om det skulle vere behov for det, seier han.

Direktøren får støtte frå klinikkoverlege Helge Espelid i kirurgisk klinikk.

— Det er fint at vi no kan komme i gang med meir kirurgi. Først opnar vi for dagkirurgi denne veka, og satsar på å få opp att operasjonsteam frå og med neste veke, seier Espelid.

Kirurg Helge Espelid.

Helse Fonna prioriterer å komme i gang med pasientar som ikkje er av det tyngste slaget, men vi er også innstilte på at vi raskt må snu oss om og redusere aktiviteten, om situasjonen elles tilseier det, seier Espelid.

Fleire fristbrot

Helse Fonna har hatt redusert aktivitet heilt sidan midten av november. Auka ventetid fører til fleire fristbrot, og Klausen har tidlegare beklaga sterkt dei konsekvensane dette har fått for pasientane.

— Det er viktig at vi kjem i gang med mest mogeleg planlagt behandling når det er rom for det, seier Klausen som  også rosar medarbeidarane som snur seg raskt rundt for å ta opp behandling.

Powered by Labrador CMS