nyhende
Går for ny bømlafjordtunnel
Fylkesutvalet for samferdsel og mobilitet i Vestland støttar Statens vegvesen sitt forslag om ein ny undersjøisk køyretunnel parallelt med dagens Bømlafjord-tunnel.
Berre SV og MDG sine representantar i samferdsel- og mobilitetsutvalet stemte mot forslaget. Det var Sunnhordland som først skreiv om dette vedtaket, som blei gjort før helga.
For bratt i dag
I samband med planlegginga av ny firefelts E39 mellom Stavanger og Bergen har Statens vegvesen laga ei konseptutgreiing (KVU) om Bømlafjordtunnelen. Bakgrunnen er også at dagens tunnel er altfor bratt i forhold til dagens krav.
KVU-en som no er ute på høyring inneheld i alt seks av alternative løysingar til kryssing av Bømlafjorden. Tre av dei inneber ein svært lang tunnel som på Sveio-sida vil munna ut på Hope og på Stord-sida på Heiane, Ådland eller Førland. Desse tre alternativa er kostnadsrekna til mellom 18,1 og 19,6 milliardar kroner.
Det alternativet som Statens vegvesen sjølv går inn for, er ein ny parallell køyretunnel til dagens tunnel. Kostnadene er her stipulerte til 13,2 milliardar.
– Ikkje bruk for
– Dette viser at NTP-en (Norsk transportplan) som regjeringa la fram og aldri fekk fleirtal for, ikkje er verd papiret han er skriven på. Her held Statens vegvesen fram som om ingenting har skjedd. Og fylkesdirektøren held fram som om ingenting har skjedd, skriv Marthe Hammer (SV), som tilhøyrde mindretalet i samferdselsutvalet, skriv i ein kommentar til Vestavind og andre media.
Ho forklarar også kvifor ho går imot forslaget til ny fjordkryssing.
– Eg skjønar ikkje kvifor me treng ein ny firefelts bømlafjordtunnel når Hordfast er ute. Traseen som er valt, føreset Hordfast, det står feire gonger i saksframlegget. Kvifor gå vidare med eit traséval som føreset Hordfast når Hordfast er tatt ut av NTP? Undrast SV-representanten.