nyhende

Karl Johan Lier med dei to ulike robotane – Red Line og Black Line – som susar rundt og hentar varer lagra i kassar som står tett i tett i ei aluminiumsramme. ARKIVFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
Karl Johan Lier har vore toppsjef i Autostore i 14 år.

Går av som sjef i Autostore

Sveibuen Karl Johan Lier (62) går av som toppsjef i børsnoterte Vindafjord-selskapet Autostore.

Publisert Sist oppdatert

Det meldte selskapet i ei børsmelding torsdag morgon.

Det er snakk om ein planlagt avgang, i samband med at Lier går av med pensjon.

— Det har vore eit privilegium å leie Autostore, og sjå produkta og selskap vekse slik det har gjort gjennom flotte folk, kultur og lidenskap, seier Lier.

Lier har 14 år bak seg selskapet. Under hans leiing har selskapet levert over 1.000 lagersystem til 46 forskjellige nasjonar.

Haugesundar tek over

Haugesundaren Mats Hovland Vikse (34) tek frå nyttår over jobben som toppsjef i selskapet, som har hovudkontor i Nedre Vats, og som har hatt stor suksess som leverandør av automatiserte lagersystem til kundar over heile varda.

Nestleiar Jim Carlisle i Autostore-styret, Jim Carlisle, omtalar i ei pressemelding arvtakaren som ein nøkkelperson bak selskapet sin vekst.

— Både styret og Karl Johan er samd i at han han har demonstrert strategisk leiarskap og kompromisslaust fokus på kommersialisering, noko som gjer han til eit klart val for å ta over stillinga som toppleiar, seier Carlisle.

Lier legg i pressemeldinga til at Hovland Vikse har vore ein fantastisk bidragsytar til Autostore si reise frå hans første dag i selskapet for fem år sidan.

Sluttar i mars neste år

Lier vil vere tilsett i selskapet fram til mars neste år.

Autostore vart etablert i Nedre Vats i 1996, og har i dag kontor i Oslo, USA, Storbritannia, Tyskland,. Frankrike, Spania, Italia, Østerrike, Sør-Korea, Japan og Singapore. Selskapet har vore notert på Oslo Børs.

Powered by Labrador CMS