nyhende

Gammalt handverk med nytt preg

Farging av garn er eit handverk med rike tradisjonar som gir heilt unike resultat. Det er heller ikkje så vanskeleg å få til sjølv.

Publisert Sist oppdatert

Slik fargar du sjølv

Søstrene Miljeteigs sin metode for plantefarging:

  • Lag hesper av nøsta du skal farge, anten med eit hespetre eller ein stolrygg. Skyl garnet og legg det i bløyt. Vil du ha fleire nøste i same farge, må dei fargast i same omgang. Det er umogleg å attskape akkurat den same fargen seinare.
  • Putt plantematerialet i ein kjele med vatn. Alt plantematerialet må dekkjast med vatn. Du kan ikkje bruke den same kjelen til matlaging. Bruk derfor ein gammal, avlagd kjele.
  • Fargesuppa skal godgjere seg ei stund. Kor varmt og kor lenge vil påverke fargen, så her er det berre å prøve seg fram. Legg gjerne plantematerialet i bløyt kvelden før, og la det så syde i mellom ein halv til to timar. Unngå fosskoking.
  • Fargesuppa kan anten brukast varm, eller du kan la ho kjøle seg ned med plantematerialet i, til dømes over natta. Det vil også påverke fargen du får.
  • Sil av plantematerialet. Du kan bruke eit dørslag med ein gammal klut i, som du heller suppa gjennom. Plantematerialet kan no kastast, med mindre det er farge igjen til ei suppe til.
  • Tilset alun – det gjer det lettare for garnet å ta til seg fargestoffa. Bruk cirka 2 teskeier til ein kjele på 6 liter, og rør ut i fargesuppa.
  • Legg garnet ned i fargesuppa. Det er viktig at det våte garnet har cirka same temperatur som suppa. Det er også viktig at garnet ikkje blir liggjande i overflata, då kan fargen bli ujamn.
  • La garnet liggje og syde under koketemperatur i rundt ein time. Det toler dårleg brå temperaturendringar eller for mykje rørsle. Halvvegs i behandlingstida kan du forsiktig ta garnet opp og leggje det ned att, slik at du er sikker på at heile hespa får jamn farging.
  • Du kan gjerne la garnet liggje i den kalde suppa over natta for ein sterkare farge.
  • Når garnet skal opp av fargesuppa, er det viktig å skylje det godt. Vask det gjerne med ullsåpe og skyl det til vaskevatnet er heilt klart.
  • Når garnet er heilt tørt er det berre å nøste det opp, og det plantefarga garnet ditt er ferdig!

Kjelde: Søstrene Miljeteig

Strikking er populært som aldri før, og det kjem stadig nye trendar. Ein av desse er handfarga garn i alle regnbogefargane. Garn av ull, mohair og merino med eigenarta fargespel har gjort sitt inntog i garnbutikkar og strikkeprosjekt over heile landet.

Ei som kan skrive under på denne fargerike bølgja er Laila Yvonne Henriksen. Ho har drive fargeriet Værbitt i fleire år og sel handfarga garn både i nettbutikk og til ulike forhandlarar.

– Eg ser at fleire har oppdaga og er interesserte i handfarga garn, og det er fleire garnbutikkar som vil ta inn produkta mine, fortel ho.

Handverk med lange tradisjonar

For Henriksen er garnfarging litt som å drive med kunst.

– Fabrikkane vil gjerne lage så like fargar som mogleg, og om ein ser variasjonar så er det eit avvik. Med handfarga garn er det litt annleis. Sjølvfarga garn eit handverk som gir unike resultat, fortel ho.

Dei ulike fargespela gir òg heilt spesielle uttrykk i plagga ein strikkar. Henriksen meiner trenden med sjølvfarga garn har gjort ho litt modigare med fargeval.

– Då eg byrja med farginga kunne eg gjerne tenkje at det blei litt mykje med mange fargar på ein gong. Men det er ein vanesak. No synest eg det er skikkeleg kult!

Men sjølv om det har blitt meir trendy med fargesprakande, handfarga garn, er det langt frå eit nytt fenomen. Å farge garn er eit handverk med lange tradisjonar, heilt frå før mellomalderen. Først med plantar, vidare fram til slutten av 1800-talet då syntetiske fargar vart meir vanleg.

Enklare enn ein trur

– Det er eigentleg enklare enn det mange trur, hevdar Ellen-Marie og Margrethe Miljeteig.

Saman driv dei hobbybloggen Sostrenemiljeteig.no. Her ønskjer dei å syne fram skaparglede og inspirasjon til korleis ein kan prøve seg på forskjellige hobbyaktivitetar, mellom anna plantefarging.

– Då vi starta med plantefarging i 2016 følgde vi oppskrifter med nøye mål på korleis ein skulle få til fine fargar, men det vi har lært er at det gjerne blir bra uansett, ein får berre litt andre fargar, fortel dei.

Ellen-Marie og Margrethe Miljeteig driv hobbybloggen sostrenemiljeteig.no.

Likevel er det nokre tips dei ønskjer å dele etter fleire år med erfaring.

Det er fullt mogleg å byrje å farge sjølv heime på kjøkkenet. Men det er viktig å hugse på at du ikkje kan bruke utstyret du nyttar til farging til matlaging seinare, så du bør la den dyre støypejernsgryta liggje til neste middagsselskap.

Det er ein fordel å arbeide med farging utandørs. Oppkoking av plantematerialet kan nemleg skape ein del os som luktar.

– I byrjinga budde eg i ei lita leilegheit og måtte stå ute på den vesle balkongen min med ei lita kokeplate. Det gjekk fint, men det er klart enklare no som eg har eit større uteområde å arbeide på, seier Margrethe.

Potensialet i naturen

For å få fram fargestoffa frå plantene du har samla, må du koke det opp i ei gryte til du får det ein kallar for fargesuppe.

– Det er berre å prøve deg fram med det du finn, det gjorde eg mykje i byrjinga. Men etter kvart som eg dreiv på så gjekk eg meir for dei plantane som eg veit gir fine resultat, seier Margrethe.

Ho trekkjer fram blad frå bjørk, lyng, kanadisk gullris, marikåpe, røter frå krapp-planten og svarte bønner som døme på vekstar som eignar seg godt til farging.

– Kanadisk gullris er til dømes lett å finne. Det er nemleg ein uønskt plante i norsk natur, men finst mykje langs vegen, så her er det berre å plukke det du kan.

Ein kan òg farge ferdige plagg med fargesuppene ein lagar.

Matvarer og konditorfargar

Du kan òg nytte enkelte matvarer om du ikkje har høve til å sanke plantematerialet du treng. Kaffi, te og valnøttskal gir lune bruntonar, spinat blir grønt, medan svarte bønner gir ein dus blåfarge.

Mange av dei fargane ein får fram i plantefarging er gjerne meir duse og «naturlege». For eit meir intenst og fargesprakande preg er syntetiske fargemiddel tingen.

Heime kan du gjerne prøve deg fram med konditorfargar.

– Det finst mange ulike teknikkar ein kan bruke for å få fram ulike uttrykk, moglegheitene er uendelege, fortel Laila Yvonne Henriksen.

Du kan til dømes få fargeskiftande mønster ved å leggje ulike delar av hespa i ulike fargesupper.

Blir sjeldan perfekt

Å farge garn sjølv er kanskje ikkje den ideelle hobbyen for dei som er perfeksjonistar, skal vi tru fargeekspertane.

– Ein må nesten belage seg på at det ikkje blir heilt perfekt, men det er noko av det som gjer det kjekt, seier Margrethe Miljeteig.

Ho innrømmer at det har gått med ein del garn i arbeidsprosessen. Det er nemleg somme ting som gjer at garnet kan bli øydelagt under farginga.

– Å varme garnet for mykje over tid gjere det flisete og hardt. Eller om ein fester hespene for stramt med bomullstråden eller hyssingen, får garnet merker i batikk-stil.

Likevel er ikkje alt håp ute om du ikkje heilt får det resultatet du kanskje håpa på. Værbitt-gründeren tryggar dei som er redde for å gjere feil. Det er nemleg mogleg å farge garnet fleire gonger.

Nytt uttrykk

Handfarga garn er litt eksklusivt om du ikkje har moglegheit til å lage det sjølv. Ønskjer du å kjøpe ferdigfarga produkt i butikken kan det ofte koste ein del meir enn det «vanlege» fabrikkfarga garnet. Fordi ingen fargesupper er like, vil det òg vere umogleg å oppdrive meir garn om ein plutseleg skulle gå tom.

– Det eignar seg kanskje ekstra godt som ein mønsterfarge mot eit rimelegare, einsfarga garn. Ein klassisk islendar kan få eit nytt og særeige uttrykk med handfarga garn som mønsterfarge, tipsar Henriksen om.

Powered by Labrador CMS