nyhende
Fylte på Haukås og stakk utan å betale
Sundag vart det meldt ifrå om eit pumpestikk på Shell Haukås. Eigar av stasjonen seier dei har bilete av vedkommande.
— Hendinga vart meldt til politiet, seier Nina Fagerland, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Så langt er det ikkje identifisert kva bil som gjorde pumpestikket eller kven som køyrde.
— Det hendte om lag klokka 17, dei har kameraovervåkning så det skal vere mogeleg å sjå, seier ho.
Har bilete frå hendinga
Eigar av stasjonen Marianne Kinn seier til Vestavind at det er snakk om ein motorsyklist, og at ho trur det er gjort med vilje.
— Han køyrer inn, fyller og køyrer rett ut, og ser etter om nokon følgjer med, seier Kinn.
Det var ikkje eit stort beløp som vart fylt for, og ligg mellom 150 til 300 kroner.
Ho fortel at slikt hender sjeldan, og at dei stort sett fangar det opp.
— Då ringer vi til dei som har køyrd utan å betale for seg. Ofte vel dei feil pumpe når dei betal med kort, eller så har dei vore i dokø, og rett og slett gløymd seg ut, seier Kinn.