nyhende
Fylkesordføraren takkar ja til køyretur
Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) vart invitert av lokalpolitikar Jarle Jacobsen (KrF) på motorsykkeltur i Sveio for å sjå dei dårlege vegane. — Eg kjem sjølvsagt, seier Askeland.
Nokre veker tilbake gjekk lokalpolitikar og motorsyklist Jarle Jacobsen (KrF) ut med ein litt annleis offentleg invitasjon.
Nemleg at fylkesordførar Jon Askeland (Sp) kan få kome og sitja på med motorsykkelen til Jacobsen, for å oppleva dei dårlege vegane i Sveio.
Takkar ja til å vera eksosrype
No får Jacobsen svar, fylkesordføraren kjem!
— Eg har lovd min gode ven Jarle at eg sjølvsagt kjem, sjølv om eg er ganske urøynd som eksosrype, seier Askeland.
Jacobsen er nøgd med gladmeldinga.
— Det vert tur med fylkesordførar, men me har ikkje avtalt tid enno, seier han.
Har laga rapport
KrF-politikaren sendte nyleg ein fem-siders sjølvlaga rapport til Vegvesenet og Vestland fylkeskommune. Der har han dokumentert feil, manglar, hol og sprekkar på fleire vegar rundtom i kommunen.
— Eg la inn geolokasjon også, så dei treng berre å trykka på lenka ,så kjem det opp nøyaktig kvar det er i Google Maps, humrar Jacobsen.
Truleg er det langs desse vegane at Askeland vert eksosrypa til Jacobsen, ein gong i nærmaste framtid.