nyhende

inviterer til ope, digital innspelsmøte:

Har du innspel til RTP? Meld deg på og sei di meining, oppmodar fylkesordføraren.
Har du innspel til RTP? Meld deg på og sei di meining, oppmodar fylkesordføraren.

Fylkesordføraren ønskjer innspel til Regional transportplan (RTP) for Vestland fylke

Ein trygg, berekraftig og nyskapande transportsektor i heile Vestland – dette vil fylkeskommunen sikra gjennom Regional transportplan 2022-2033. RTP er den langsiktige planen for utvikling av samferdslesektoren i Vestland fylke.

Den første regionale transportplanen for Vestland fylke, RTP 2022-2033, blir vedtatt i fylkestinget i desember 2021. Du kan påverke planen gjennom offentlege innspelsmøte og høyringsrundar, skriv Vestland fylkeskommune.

Fylkesordførar Jon Askeland inviterer til tre opne innspelsmøte om RTP 2022-2033 i fylket i februar. RTP skal setta ei tydeleg retning for arbeidet med transport i fylket. På innspelsmøta vil fylkesordføraren presentera dei overordna måla for planen.

– Me ønskjer tilbakemeldingar på korleis me i størst grad kan nå måla i fellesskap, skriv fylkeskommunen. Innspelsmøte for Sunnhordaland og Hardanger blir kommande onsdag, 3. februar på dagtid.

Powered by Labrador CMS