Ved 21.40-tida onsdag kveld skriv Vegtrafikksentralen Vest på Twitter at Tittelsnesvegen er stengt grunna eit tre som har velta over vegen, midt i krysset til Vågedalen.
– Flinke naboar kom til med motorsag og traktor, og fekk rydda vegen etter kort tid, rosar ein bilist Vestavind har snakka med.
I 20-tida opplyser same kjelde at ferjesambandet Buavåg-Langevåg, på strekninga Buavåg-Ekornsætre er mellomsbels stengt, og vil ikkje bli opna i dag.