nyhende
Funn av daud fugl i Sveio
Det er rapportert om mykje daud fugl i regionen, òg i Sveio.
Det er stadfesta at fuglane har fugleinfluensa, og mange av dei skal ha drege smitten med seg frå smitteutbrot i Skottland.
Kommunen oppmodar om å melda ifrå til Mattilsynet dersom ein kjem over daud fugl. Viss Mattilsynet ynskjer å testa fuglekadaveret for influensa, kan kommunen hjelpa ein med å henta fuglen eller gjeva informasjon om korleis ein sjølv kan fjerna han.
Funn av daude fuglar kan òg meldast til kommunen over e-post, opplyser Sveio kommune på nettstaden sin.
I område der det ferdast mykje folk eller ligg fleire daude fuglar, stiller kommunen seg disponibel for utrykking.