nyhende

Willy Mjånes og resten av kystlag-gjengen hadde kontroll på serveringa.FOTO: PRIVAT
Willy Mjånes og resten av kystlag-gjengen hadde kontroll på serveringa.

Fullt hus då Kystlaget lokka med kvalgryte

Køen kring gryta vart lang då driftige Sveio Kystlag inviterte på ein av sine tradisjonelle middagar sist sundag.

Publisert Sist oppdatert

— Me plar å invitere til sundagsmiddag tre-fire gong i år fortel han, fortel leiar Kristian Wathne i Sveio kystlag.

Og middagane er populære. Denne gongen vart det servert 64 porsjonar på Kysttunet på Eikeland.

Det var kvalgryte som stod på menyen. Og plommegraut til dessert, laga på korteiste plommer frå Liereid.

Vanlegvis plar det også å stå maritime foredrag på programmet, dei var denne gongen erstatta med diktlesing frå Willy Mjånes.

Overskotet går mellom anna til drift av laget, som mellom er godt i gong med å pusse opp båten veteranbåten «Nyfalken».

— Det er ikkje dei dyraste tinga som står att, no handlar det mest om innreiing, fortel han.

Ruth Østebøvik Eriksen hadde kontroll på grytene.
Powered by Labrador CMS