nyhende
Full stans i helikoptertrafikken til Nordsjøen på grunn av streiken
Som følgje av Unio-streiken vil det frå midnatt vere full stans i helikoptertrafikken frå Sola, Flesland og Florø, opplyser Offshore Norge.
– Helikopteroperatørane er avhengige av vêrvarslingstenester frå norsk Meteorologisk institutt (NMI) for å fly sikkert på norsk sokkel. Streikekonflikten mellom NMI og UNIO vil derfor ramme helikoptertrafikken i Sør-Noreg, skriv Offshore Norge i ei pressemelding.
51 nye medarbeidarar ved Meteorologisk institutt blir tekne ut i streik frå onsdag, i tillegg til dei åtte som allereie er i streik. Det får konsekvensar på mange hald, mellom anna innan vêrvarsling for luftfarten. Førebels har ikkje instituttet fått dispensasjon for kritiske leveransar.
Passasjertrafikken blei allereie ramma frå tysdag klokka 15.00. Også trafikken frå Kristiansund blir ramma, med moglegheit for stans eller avgrensingar.
Ordinær drift og produksjon av olje og gass vil likevel bli vareteken, ifølgje pressemeldinga. Det same blir områdeberedskapen, som inkluderer søk- og redningshelikopter (SAR).