nyhende

Fryktar slutten for 130 år gamalt kulturbeite

Valestrand Beitesforening fortvilar. Ekstremvêret «Jakob» sine herjingar i Mosneselva i fjor kan bety spikaren i kista for ein 130 år lang tradisjon med sommarbeite i Hjortedalen. Lang sakshandsamingstid for søknadar om naturskadeerstatning gjer at dei ikkje kan gå i gang med å ordna den raserte vegen.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

Folk som ferdast langs Mosneselva på nordsida inst i Åkrafjorden er ikkje heilt uvande med at ein med nokre tiårs mellomrom har vore nøydde til å flikke på vegen langs Mosneselva. Men det som representantar for grunneigarar, beitelag og nasjonalparkstyret fekk sjå på ei synfaring etter uvêret «Jakob» i månadsskiftet oktober/november i fjor, var nesten sjokkarta.

ETNE:

For det var ikkje berre småskadar på vegen denne gongen. Store nedbørsmengdene som fall i nedslagsfeltet til vassdraget under uvêret Jakob skapte ein så stor flaum at vegmassane ikkje kunne stå imot. Dei raste ut og forsvann nedover den frådande elva.

Vil kosta fleire millionar

Valestrand Beitesforening er fire bønder med til saman meir enn 400 sauer som etter planen skal på sommarbeite i Hjortedalen i år. Beitelaget i Sveio har brukt Hjortedalen som sommarbeite i rundt 130 år, etter at dei kjøpte området i 1896. Gjennom alle desse åra har dei sørgt for å unngå attgroing i Hjortedalen, og dei har òg halde det gamle våningshuset på garden ved like, mellom anna med å skifte kledning og tak.

– Men no, når vegen er borte, kan det vere slutt, seier leiar Jofrid Valen.

Ho ser det som særs utfordrande å skulle frakte dyra over store steinurar, som er det einaste som er att etter at elva forsynte seg av vegmassane.

Valen fortel at det skal vere innhenta pris på å reparere skadane, og det er snakk om fleire millionar kroner. Dette er pengar som korkje grunneigarane eller beitelaget har økonomi til å forskottere. Og beitelagsleiaren er særleg fortvila over det dei opplever som ein stor unødig forseinking. Nemleg ein stor restanse av søknadar om støtte frå det statlege fondet for gjenoppbygging av objekt etter naturskader.

Om ikkje vegen blir ordna i år, kan nedslakting bli ein av konsekvensane, seier leiar i beitelaget, Jofrid Valen. Bildet er tatt til ei langt hyggelegare sak om tilskot til restaurering.

Fryktar nedslakting

– Me har fått tilbakemelding om at søknaden til statens naturskadefond ikkje vil bli handsama før til neste år, grunna at dei har mange saker å handsame før dei tek tak i vår søknad, sukkar ho.

– Kva blir konsekvensen om vegen ikkje blir reparert i år?

– At me anten må slakte ned delar av buskapen, i så fall dei som ikkje skal gi lam, eller finne alternative beite hjå naboar eller kjende, seier Valen.

Det siste vil vere både kostnads- og arbeidskrevjande, då det truleg vil vere snakk om alternative beite der det per i dag ikkje er sett opp gjerde.

– Og når sauene ikkje er kjende i eit område, vil dei trekkje overalt, fortel ho.

Kø etter «Hans»

Seksjonssjef Grete Mari Sand i Landbruksdirektoratet stadfestar at køen av søknadar om midlar frå naturskadefondet er lang.

– Dette skuldast det store talet på saker som kom inn etter ekstremvêret «Hans» i august 2023. Det er venta at sakshandsamingstida vil gå betydeleg ned i løpet av 2025, seier ho.

I eit gjennomsnittleg skadeår kjem det normalt inn rundt 500 søknader om erstatning. Etter uvêret «Jakob» har direktoratet så langt motteke 87 søknader om erstatning for naturskade.

Ifølgje Sand har dei auka bemanninga etter uvêret «Hans».

– I dag har vi langt fleire sakshandsamarar som jobbar med erstatning for naturskade enn i ein normalsituasjon, seier ho.

Denne veka arbeider dei med søknader som kom inn i første halvdel av november 2023, opplyser ho.

– Kan søkjarar be om fortrinnsrett i sakshandsaminga når det i ytste konsekvens handlar om at ein må slakte ned sauebesetningar?

– Direktoratet handsamar søknader i same rekkjefølgje som dei er mottekne hos oss. Denne praksisen blir følgt strengt, og det er berre i heilt spesielle tilfelle at dette blir fråvike, seier ho.

Det er berekna å koste fleire millionar kroner å reparere skadane på vegen langs Mosneselva.

– Klimaendringar

Magne Langåker, som har gått turar i området frå han var liten, meiner å sjå at klimaendringar har ført til stadig hyppigare skadar i vassdraget.

– Tidlegare hende det med fleire tiårs mellomrom. No ser me årvisse skadeflaumar i elva, seier han.

Tidlegare har det vore mest kalving av is frå Folgefonna som har demt opp vatn og forårsaka storflaum.

– Det har skjedd tre gonger sidan 1930-talet, sist gong i 1964, fortel han.

Han er òg uroa for leveområdet til sjøaure og laks i den vanlegvis fiskerike Mosneselva. Han fryktar at mange av gyteplassane er vekke.

Har eit lite håp

Både Magne Langåker og Jofrid Valen håpar i det lengste at Landbruksdirektoratet kan gje eit svar så tidleg at reparasjon av vegen likevel kan gjerast i år.

I motsett fall fryktar Valen at Valestrand beitelag si 130 år lange tradisjon med sommarbeite i Hjortedalen er historie. Det vil også kunne råke turistnæring i området, då vegen for fleire turgåarar er ein populært inngang til Folgefonna nasjonalpark.

Valestrand Beitesforening kjøpte området i Hjortedalen i 1896, og har siden då sytt for både kulturbeite og vedlikehald av hovudhuset på staden.
Powered by Labrador CMS