nyhende

Forskarane vil kome nærmare svaret på kor mykje jodtilskot i kraftfôret som kan bli redusert utan at det går ut over jodinnhaldet i mjølk. Foto: Inger Robøle Kristiansen / NPK
Forskarane vil kome nærmare svaret på kor mykje jodtilskot i kraftfôret som kan bli redusert utan at det går ut over jodinnhaldet i mjølk.

Fôrtilsetting skal redusere metanutsleppa

Publisert Sist oppdatert
NPK: No skal 10.000 mjølkekyr i Sverige, Danmark og Tyskland prøve ei tilsetting i fôret som kan redusere metanutsleppa med 30 prosent.

Det er Nationen som fortel om prosjektet som meierigiganten Arla set i gang i håp om å løyse ei av dei store klimautfordringane i landbruket. Det nye fôrtilskotet Bovaer verkar ved at det held nede enzymet som utløyser metanproduksjon i fordøyelsessystemet til kua. Det blir brote ned utan å påverke mjølkekvaliteten, skriv Arla på nettsidene sine.

– Resultat frå våre innleiande forsøk med Bovaer på både forskningsanlegg og ein dansk Arla-gard er svært lovande. Dette er eit bra eksempel på innovative vitskapelege løysingar og tiltak vi gjer for å skape ei berekraftig og motstandsdyktig framtid for meierisektoren, seier landbruks- og berekraftssjef Hanne Søndergaard i Arla.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS