Orkla Foods Norge kallar tilbake eit avgrensa parti av dei to pizzavariantane «Grandiosa Tynn botn Kylling & Pesto» og «BigOne BBQ Chicken» frå marknaden.
NPK-NTB: Eit parti av frosenpizzaene «Grandiosa Tynn botn Kylling og Pesto» og «BigOne BBQ Chicken» blir trekt tilbake på grunn av fare for metallspon i kyllingbitar.
Orkla Foods Norway kallar tilbake eit avgrensa parti av dei to frosenpizzaene på grunn av risiko for at små bitar av metallspon har komme i enkelte kyllingbitar på pizzaene.
Det gjeld berre BigOne BBQ Chicken med utløpsdato 10.04.2023, og Grandiosa Tynn botn Kylling og Pesto med utløpsdato 02.05.2023, opplyser produsenten i ei pressemelding.
Ifølgje Orkla vart feilen oppdaga tidleg, og det er derfor berre eit lite parti som har funne vegen til butikk. Alle andre pizzaer kan etast som vanleg.
Forbrukarar som har kjøpt dei aktuelle pizzaene kan kontakt Orkla Forbrukerservice for kompensasjon.