nyhende

– Frivilligheit gjev meir enn det krev

Trommeslagar, brannmann, mekanikar. Kjært barn har mange namn, men best kjend er han som Olav Hovland. Han er svært glad i bygda si, og i sommar var han først på staden då ein potensiell storbrann vart avverja. Nyleg vart han pappa igjen då tvillingar kom litt tidlegare enn venta.

Publisert Sist oppdatert

Sommarbuketten 2023

Vestavind deler også i år ut sommarbukett til personar som gjer ein ekstra innsats for at andre i lokalsamfunnet skal ha det bra. Desse har fått sommarbuketten:

Flemming Lothe, 8. juni

Nils Kristian Haga, 15. juni

Hildur Larsen, 22. juni

Thomas Førde, 29. juni

Anne Lise Økland, 6. juli

Camilla S. Uri, 27. juli

Gerd Jorunn Christensen, 3. august

Olav Hovland er ein kar som set dugnad og samhald høgt på lista. Til dagleg jobbar han på Førde Auto, og som førdebu merkar han kvar sommar at bygda er på kartet til mang ein turist og reisande.

Men, i sommar var han faktisk ansvarleg for at Førde, og særleg Røykenes, ikkje vart sette på kartet. Då avverja han og brannkonstablane i Førde og Sveio noko som kunne ha blitt ein enorm brann.

Akkurat i tide

– Me var heldige med den, med vinden og liknande. Me angreip den mest utsette plassen først, og akkurat i tide før den tok av, seier Hovland.

Som medlem av det lokale brannvesenet var han først på staden då ein brann byrja på eit jorde i Røykenes. Etter lang tid med tørke låg forholda perfekt til rette for ein brann som ville ha vore synleg langt, langt unna.

– Hadde det gått gale, hadde me ikkje hatt store sjansen, seier han.

Viss elden hadde fått tak i skogen kring jordet, ville den ha spreitt seg raskt. Allereie hadde flammane hoppa over på trea, og bokstaveleg tala minutt etter dei hadde fått kontroll på brannen kom ein sterk vind. Men det gjekk bra.

At han «hindra» at Røykenes vart eit nasjonalt kjend namn lev han godt med,

– Me kan vera fornøgd med eigen innsats, smiler han om kollegaene sine.

Likar at det skjer ting

No får han sommarbuketten, men i hovudsak grunna alt anna han også er med på. Hovland er nemleg styreleiar i Førde Samfunnshus. Han har merka at tradisjonane har endra seg litt når det kjem til frivilligheit.

– Det har vore vanskelegare og vanskelegare å samla folk til dugnad, men når folk først er med har dei det kjempekjekt, seier Hovland, og legg til:

– Frivilligheit gjev ofte meir enn det krev.

Pådrivaren har vore mykje å sjå under dugnadar, og mykje å høyra på 17. mai. Då brukar han ofte å spela trommer.

– Det er i hovudsak slagverk eg spelar. Det vart ikkje i år, men truleg neste år att, seier Hovland.

– Kvifor engasjerer du deg så mykje i bygda?

– Eg føler ikkje at eg engasjerer meg mykje. Men, det eg gjer, føler eg at er nødvendig. Og så likar eg at det skjer ting, seier han.

Snart på veg til føden

Framover vert det nok ekstra travelt for førdebuen. Den 28. juli vart han far til tvillingar, eit par med jenter. Alt er vel, men dei kom litt tidlegare enn planlagt.

– Termin var 6. september. Dei kom i veke 34 pluss 5 dagar. Så no er mor og dei to på føden i Haugesund og vert godt teken vare på, seier han.

– Har de funne namn til jentene?

– Sandra og Leah, svarar han.

Det er nokre timar att på jobb, men når klokka ringer set Hovland kursen mot føden. Der ventar ei mor og to små jenter på han.

sommarbuketten

Powered by Labrador CMS