nyhende
Friviljug alt-mogleg-mann
Han er er friviljug køyrelærar, klokkar, senior-instruktør, aktiv i gjenbruksløa, med i bedehusstyret og hjelper folk med flytting. Vestavind sin sjette blomebukett fann vegen til eldsjela Helge Matre (76), som i fleire år har gjort ein nemnande friviljug innsats i Sveio.
Då Sveio frivilligsentral starta opp, fekk Helge førespurnad om å læra innvandrarar å køyra bil. Utan å nøla stilte han opp, og det gjer han framleis – om lag to gonger i veka, og opp mot tre-fire timar om gongen.
— Mange av desse menneska kjem til landet åleine og utan familie. Så når eg har tid, lærer eg dei å køyra bil.
No har mange av desse innvandrarane fått seg jobb som yrkessjåførar rundt om i regionen.
Digital hjelp
Ikkje berre nye landsmenn har vorte møtte av Helge si friviljuge dugnadsånd. Òg eldre, som ikkje er kjende med digitale plattformer eller verktøy, får hjelp og rettleiing på sambrukshuset annakvar veke under det tilbodet som vert kalla for «seniornett».
Her instruerer mellom andre Helge dei eldre i bruken av mobil, datamaskin, nettbrett, nedlasting av appar og meir.
— Det er ofte ein fast gjeng med damer som kjem. Me hjelper dei med det digitale, og samlingane våre er òg sosiale. Eg trur det er ganske mange eldre i Sveio som har problem med telefonen og har bruk for denne hjelpa, så me vonar det kjem fleire, seier Helge.
Han har god kjennskap til digitale verktøy, og det har han i grunnen alltid hatt. Han er nemleg utdanna sivilingeniør og har mange års røynsle med undervisning i elektrofag i Haugesund.
Folkeopplysning
Ein kan på mange måtar seia at eldreomsorg er ei av dei mange hjartesakene til Helge. Som nestleiar i eldrerådet i Sveio tek han seg av saker som vedkjem livet til den eldre garde, og han er dermed med på å verna om dei eldre sine interesser.
Og ikkje berre det, men han er òg ein aktiv pådrivar for spreiing av kunnskap og opplysningar: Gjennom det såkalla senioruniversitetet, der han sit som styreleiar, vert det tre gonger i semesteret duka for faglege møte med føredragshaldarar på Vigdartun.
Senioruniversitetet er eit forum der Helge og co prøver å samla nyfikne og lærelystne seniorar til fagleg og sosialt samvære. Tematikken i føredraga kan vera av historisk, kulturell, helsemessig eller anna kaliber.
Får noko att
Sveio kyrkje får òg ei hjelpande hand av eldsjela på Fjon. I mange år har han nemleg vore friviljug klokkar under gudstenestene, der han mellom anna les dagens tekstar og assisterer presten med det som trengst.
Helge er òg med i bedehusstyret på Bråtveit, Sveio turlag og drifta av den lokalt omtykte Gjenbruksløa.
Utover dette hjelper han folk i Sveio med flytting ved å køyra og henta møblar. Dersom nokon har kjøpt ein sofa på Karmøy, køyrer Helge gledeleg mil etter mil for å henta sofaen heim til Sveio.
— Kva er motivasjonen din for å halda på med alt dette?
— Det er rett og slett at ein får noko att i form av sosial kontakt. Eg møter og er saman med kjensfolk i miljø eg trivst i. Det er dette som er drivkrafta bak arbeidet mitt. I tillegg veit eg at det er bruk for friviljug innsats, så når ein både har høve og ikkje minst helse til det, synest eg det er verdt å stå på, seier Helge.
Han nyt det glade liv som pensjonist saman med familie og nære på Fjon og har alltid noko å fylla tida med. Utanom den friviljuge biten er aktiviteten hans sesongavhengig: Om vinteren sagar han og køyrer ved, medan han om sumaren er ute med kona og snekka si på sjøen.
— Vedarbeid er standard pensjonistarbeid her i kommunen. Familien min ville sikkert ha sagt at eg brenn for å laga ved, seier den humoristiske mannen.
På bakgrunn av arbeidet han legg ned for at folket i nærmiljøet skal ha det bra, ynskjer Vestavind å premiera han med ein flott og frisk bukett.