nyhende

Politiet var raskt på stedet etter å ha mottatt melding om bråk i Sveio sentrum. Foto: Thomas Vallestad Drageset
Politiet var raskt på stedet etter å ha mottatt melding om bråk i Sveio sentrum.

Fritidsbåt stranda på Austre Kadløy – båtføraren svømte til lands

Båtføraren som grunnstøytte i Førdespollen i helga kom frå det med berre lettare skader.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 07.40 laurdag morgon fekk politiet og Hovudredningssentralen (HRS) telefon frå ein privatperson som hadde sett ein båt som stod delvis oppe i fjæresteinene på Austre Kadløy i Førdespollen. Det var uvisst om det var folk om bord.

mapboxgl.accessToken = 'pk.eyJ1IjoiYXBwZXhwdWJsaXNoIiwiYSI6ImNqeG9ma3JpazA1b2Uza252enk1eXV4eGsifQ.9jSguhytg3SKhZO9HHjlVw'; var map = new mapboxgl.Map({ container: 'map-4824', // container id style: 'mapbox://styles/mapbox/streets-v11', // stylesheet location center: [5.4740878285859935, 59.633893682185715], // starting position [lng, lat] zoom: 12 // starting zoom }); map.addControl(new mapboxgl.NavigationControl()); var el = document.createElement('div'); el.className = 'marker'; el.style.backgroundImage = 'url(https://vestavind-sveio.no/wp-content/themes/appexpublish/images/marker.png)'; el.style.backgroundSize = 'cover'; el.style.width = 42 + 'px'; el.style.height = 42 + 'px'; new mapboxgl.Marker(el) .setLngLat([5.448120692544904, 59.62780708554902]) .addTo(map); map.on("wheel", event => { if (event.originalEvent.ctrlKey) { return; } if (event.originalEvent.metaKey) { return; } if (event.originalEvent.altKey) { return; } event.preventDefault(); }); map.on("load", event => { window.dispatchEvent(new Event('resize')); })

– Både redningsskøyta «Horn Rescue» og redningshelikopter blei sendt ut, og politiet si hundepatrulje var klar til å føreta søk på øya. HRS leia aksjonen.

Det fortel vaktsjef André Skram Hansen ved Haugesund politistasjon.

Lang svømmetur

Undervegs i søket, klokka 09.20, melde bebuar på land at båtføraren hadde kome til staden. Vedkomande hadde fortalt at han hadde vore åleine i båten og at han hadde svømt frå Austre Kadløy inn til fastlandet.

– Helsehjelp blei prioritert først, mannen som var i 50-årsalderen, var nedkjølt og hadde nokre kutt som måtte bli sydd, opplyser Skram Hansen.

Ikkje mistanke om promille

Måndag var det ennå ikkje føretatt formelt avhøyr av båtføraren, men politiet opplyser at det førebels ikkje er mistanke til promille eller rus.

Powered by Labrador CMS