nyhende

– Som nyetablert har eg lite å gå på, seier frisøren Tatjana Stepanova i Estetikk AS på Hanaleite.
Tatjana Stepanova oppmodar kundar som var innom salongen Estetikk på Hanaleite om å teste seg.

Frisør oppmodar kundar til å teste seg

Innehavaren av frisør- og skjønnheitssalongen Estetikk AS i Førde oppmodar kundar som har vore innom sist fredag og laurdag om å teste seg for koronasmitte.

Publisert Sist oppdatert

Etter at eit av borna hennar fekk positivt utslag på ein korona-hurtigtest måndag morgon, vil Tatjana Stepanova halde salongen Estetikk, som ho driv på Haneleite i Førde, stengt fram til familien er symptomfrie.

Ber kundar teste seg

Resten av familien hennar har testa negativt på hurtigtestar, men ho vil ikkje ta nokon sjansar og stenger no frisørsalongen inntil vidare. Dette også for å kunne ta i vare det sjuke barnet sitt.

— Eg oppmodar også alle kundane som har vore innom fredag og laurdag om å teste seg, seier ho til Vestavind.

Måndag morgon gjekk ho ut med den same oppmodinga på salongen si Facebook-side.

Ho viser til at det var fredag dei også fekk beskjed om at det var påvist korona på skulen kor barnet hennar går.

Tøff start

Stepanova er lei seg for at ho nå må stenge ned ei periode før jul. For saman med resten av frisørbransjen har ho merka at mage julebord har blitt avlyste, dermed har det også blitt merkbart færre kundar i frisørstolen.

— Eg starta salongen i 2019, så kom korona. Så dette har vore tøft heile tida, seier 38-åringen.

Ho håpar å kunne opne salongen igjen mot slutten av veka. I mellomtida syt ho for full desinfisering av salongen.

Powered by Labrador CMS