nyhende

Friluftsglede for store og små

Det kunne ikkje vore betre vêr då Barnas turlag Sveio og Vigdar grunneigarlag inviterte til markering av Friluftslivets dag ved Bjellandselva og Vigdarvatnet søndag.

Publisert Sist oppdatert

Ruth Vihovde Strand frå Barnas turlag var tidleg på plass og hadde saman med Hilde Tungesvik og Elin Vallestad fyrt opp bålpanna kor turgåarane kunne grilla pølser på grillspyd.

– Friluftslivets dag blir arrangert første søndag i september, og den er for alle, ikkje berre barn. Målet er å fremja turglede, fortel Ruth.

Vigdar grunneigarlag har også eit formål om å oppfordra til aktivitet, då særleg ved å nytta seg av Vigdarvatnet og det som vatnet har å by på. Dei freista mellom anna turgåarane med nygrilla aure.

Sløya og reinsa fisk

Ved vasskanten var det fleire born som fekk vera med å sløya og reinsa fisk som var blitt fanga. Odin Miljeteig (9) kunne fortelja at han hadde vore med å fanga fisken denne morgonen på garn. Til saman var det 57 aure som hadde forvilla seg i garnet.

Ella Fosstveit Corwell og vennene samla rogn og forsøkte å lokka til seg småfisk.

Torkell Sveen i Vigdar grunneigarlag kan fortelja at det er godt med fisk i Vigdarvatnet, med ein fin variasjon i storleiken.

– Dette er eit av prosjekta som grunneigarlaget jobbar med, altså å fiska slik at me kontrollerer bestanden, seier Sveen.

Aktivitetar ved Bjellandselva

For dei som starta turen frå Bjelland kunne ein samtidig som ein lufta seg på tur testa kunnskapen på naturquiz. I det strålande vêret var det også høve til å komma seg ut på Vigadarvatnet med kano.

Friluftslivets dag er ein del av Friluftslivets veke arrangert av Norsk friluftsliv som er ein fellesorganisasjon for friluftslivsorganisasjonar i Noreg. Fleire lag og organisasjonar gjennomfører Friluftslivet dag med formål om å fremja friluftsliv.

Powered by Labrador CMS