nyhende

Fredag kom det ukrainske kjøkenet til Sveio

Under fredagslunsjen til Sveio frivilligsentral fekk sveibuen høve til å testa ut smakar frå andre delar av verda. Denne gongen frå Ukraina.

Publisert Sist oppdatert

Det var nykomne ukrainarar som fekk stå på kjøkenet i sambrukshuet fredag føremiddag. Sveio frivilligsentral inviterte nemleg til internasjonal fredagslunsj, noko dei ikkje har gjort sidan før pandemitida.

Porsjoneringa og serveringa skjedde òg i regi av ukrainarane, som for berre nokre veker sidan levde under heilt andre omstende: krig, redsle og flukt.

Ymse: borsch, vareniki og pirozhki

Då Vestavind kom inn i kaféen, var ukrainarane i full sving med kokkeleringa. Ei interessant liste med ukrainske matrettar stod på menyen, deriblant borsch, vareniki og pirozhki.

Borsch kan på mange måtar kallast for raudbetsuppe, då raudbete er hovudingrediensen i retten. Ofte vert det tilsett gulrot og kål i tillegg, og det er vanleg at suppa inneheld kylling- eller storfekjøt. Det er òg mogleg å laga ein vegetarisk variant av suppa ved å kutta ut kjøtet.

Vareniki, som vart servert ved sida av, tilsvarer såkalla «dumplings», altså bitar av deig med ulike typar fyll på innsida. Dei som vart serverte på sambrukshuset fredag, inneheldt potet og var steikte i sjampingjong-saus.

Pirozhki er ukrainske bollar eller rundstykke av gjærdeig. Det varierer kva dei inneheld, men i dag var dei fylte med kål og gulrot.

Godt oppmøte

I underkant av 30 sveibuar hadde meldt seg på fredagslunsjen til frivilligsentralen. Maten såg ut til å falla i smak, og fleire av gjestene gav svært positive tilbakemeldingar til ukrainarane på kjøkenet.

Guro Røher Eriksen og Gerd Jorunn Christensen, som er høvesvis konstituert dagleg leiar og styreleiar i Sveio frivilligsentral, vart nøgde med oppmøtet og glade for at dei endeleg kunne gjennomføra ei slik tilstelling.

Eriksen fortalde at det kom fleire enn venta. Eit par dagar tidlegare var ho redd lunsjen måtte avlysast grunna få påmelde.

— Men kort tid før påmeldingsfristen rann det inn med påmeldingar, seier ho.

— Dei skal kjenna seg som ressursar

Dei to damene meiner den ukrainske fredagslunsjen fungerer som ein fin måte å heidra og støtta ukrainarane på. Dei ynskjer å gjera matbordet til eit sosialt og inkluderande samlingspunkt for både sveibuar og nye landsmenn.

— Det er kjekt å kunna samlast rundt maten. Etter to år med pandemi var det verkeleg på tide med ei samling, seier Christensen.

Ho synest det er kjekt at ukrainarane er aktive i det vesle lokalsamfunnet dei no er busette i.

— Me vil at dei som kjem til Noreg, skal få mogleik til å medverka og vera aktive i det som skjer. Dei skal kjenna seg som ressursar, og dei skal få kjensla av at det er bruk for dei, understrekar Christensen.

Powered by Labrador CMS