Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Framleis uløyste utfordringar for Dommersnes-prosjektet
Etter eit drøftingsmøte mellom Statsforvaltaren i Rogaland, Vindafjord kommune, Windafjord Port og Norconsult står det framleis att mykje arbeid før neste steg i prosjektet med å utvikle industriområdet på Dommersnes til serieproduksjon for havvindnæringa. Tre motsegner frå Statsforvaltaren er framleis uavklarte.
Møtet blei halde i Sandeid. Dette går fram av eit møtereferat datert 19. desember 2025.
VINDAFJORD / ÅLFJORDEN:
Statsforvaltaren deltok med Catrine Stabel Eltervåg, Marita Skorpe Falnes, Einar Heegaard og Stig Sandring via Teams. Thomas Vestbø og Ingrid Johannessen representerte Vindafjord kommune, medan tiltakshavar- og konsulentsida var til stades med Jørgen Jorde frå Windafjord Port og Peter Sonnenberg frå Norconsult.
Spørsmål om storleik
Johannessen var referent. Ho skriv at dei tre uavklarte motsegnene må sjåast i samanheng. Kvar motsegn er lista opp med status, problemstilling, drøftingspunkt i korte trekk og vidare oppfølging.
Det første temaet er klimagassutslepp, der status er at motsegna er uavklart. Problemstillinga er om det er mogleg å redusere arealbeslaget i prosjektet ytterlegare. I drøftinga viser Statsforvaltaren til notat og eit oppgitt arealbehov på mellom 300 og 400 dekar. Tiltakshavar peikar på at nytteverdien av næringsarealet i nord er betydeleg større enn i sør, grunna utforminga av arealet.
Som oppfølging må tiltakshavar grunngje kvifor arealbeslaget ikkje kan reduserast særleg meir i nord. Vidare må det forklarast kvifor areal i nord ikkje kan erstattast med areal i sør utan ein betydeleg reduksjon i nytteverdien av næringsarealet for aktivitet knytt til havvind. Arealbeslaget må vurderast opp mot både klimagassutslepp og naturmangfald. Tiltakshavar og kommunen vurderer om arealformålsgrensa kan flyttast noko lenger sør for myra ØFA3.
Statsforvaltaren skal gje tilbakemelding i etterkant av møtet på følgjande spørsmål: Vil det å trekkje formålsgrensa noko lenger sør i nord (gje myra meir plass), saman med eit notat som samanliknar arealet på Dommersnes med andre liknande planar i Noreg, kunne løyse motsegna knytt til klimagassutslepp?
Krevjande bekk
Tema nummer to var vassmiljø, ved Stemmebekken, der motsegna er uavklart. Problemstillinga er å sikre at Stemmevatnbekken blir ivareteken, særleg med tanke på vegutbygginga.
Drøftinga handlar om at dette er sikra i føresegnene, men Statsforvaltaren stiller spørsmål ved om dei planlagde løysingane let seg gjennomføre. Til dømes er bekken planlagt lagt om i ei rett strekning langs dagens fylkesveg.
Som oppfølging meiner Statsforvaltaren at det må lagast ei fagleg vurdering som gjer greie for og synleggjer at forbetringstiltak kan gjennomførast, vist i kart og med illustrasjonar. Tiltakshavar skal lage ei slik vurdering.
Den tredje uavklarte motsegna gjeld naturmangfald på land. Problemstillinga er at myrane ØFA2 ligg innanfor industriformålet, og ØFA3 delvis innanfor. Statsforvaltaren peikar igjen på om arealbeslaget kan reduserast. Ei anna utfordring er omsynet til yngle- og oppvekstperiode for sjøfugl.
På møtet blei ØFA3 særskilt drøfta med tanke på å flytte arealformålsgrensa. Når det gjeld ØFA2, blei det vist tilbake til drøftingspunktet om klimagassutslepp og nytteverdien av industriarealet. Vidare blei det vist til føresegner som tek omsyn til hekkeperiode og gyteperiode i sjø, og Statsforvaltaren spurde kva meir dei såg føre seg.
Som oppfølging ser tiltakshavar på moglegheita for å flytte arealformålsgrensa sør for ØFA3 (nyaste avgrensing av myra), for å gje ØFA3 meir plass. Statsforvaltaren skal kome med nærare avklaring om dette.
Kan løysast
I møtereferatet er det også lista opp tre motsegner som er løyste, og to som kan løysast. Motsegner som er løyste, handlar om naturmangfald i sjø, luftkvalitet og samfunnstryggleik.
Den eine motsegna som kan løysast, handlar om massehandtering. Problemstillinga er at massehandteringsplanen må sikrast som eit rekkefølgjekrav i planen før igangsetting, og at mellomlagring av massar må vere eit tema i planen. Oppfølginga blir å justere føresegner i tråd med innspel frå Statsforvaltaren.
Ei motsegn om støy kan løysast dersom føresegner blir supplerte med krav om oppdatering av støykartlegging eller -måling ved vesentlege endringar i topografi og driftsmønster, og at konkret tilvising til næraste nabo blir teken ut. Oppfølginga blir å justere føresegner i tråd med innspel frå Statsforvaltaren.
Fakta om Dommersnes AS/Windafjord Port
- Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port, blei oppretta i 2023 for å utvikle Dommersnes industriområde i Vikebygd, med sikte på serieproduksjon til havvindnæringa. Vindafjord kommune og Westcon eig kvar sin halvdel av selskapet.
- I 2024 fekk selskapet byggjeløyve til fase 1 i den planlagde utviklinga av industriområdet. Denne delen av utbygginga omhandla utsprenging av eit samla område på 54 dekar innanfor det tidlegare nytta området på Dommersnes. Westcon skal gjennomføre arbeidet i fase 1 mot ein kommunal eigedom blir overført til Windafjord Port. Sidan dette ikkje er blitt gjort enno eig Vindafjord kommune framleis eigedommen.
- Fase 1 er første steg i planane om utvikling av industriområdet på Dommersnes til potensiell serieproduksjon til havvindnæringa, og omhandlar tidlegare nytta område. Fase 2 legg opp til å ta enda meir areal i bruk, mens fase 3 vil krevje alle dei over 500 måla som regulerte til industri og at Vikevegen blir lagt om.
- Ein reguleringsplan for heile prosjektet var på høyring fram til 22. april.