nyhende
Møte i formannskapet måndag kveld:
Framleis stemning for å behalda legekontora
Saka om samanslåing av legekontor og rehabilitering av kommunehus rulla i går vidare til dei sju politikarane i formannskapet. Frå før har rådmannen kome med framlegg til vedtak, sidan har to hovudutval jobba fram sine vedtak.
Det som kom frå hovudutval oppvekst og kultur blei vedteke på ny i går: Prosessen med sammenslåing av legekontor stoppes. Dette blir då anbefalinga som kommunestyret skal ta stilling til i desembermøtet.
– Det er viktig at det det blir sendt eit klart og eintydig signal om at heile dette arbeidet skal stoppast, då held det ikkje berre å seia at Førde legekontor skal liggja i Førde, forklarar Rune Teikari i Sveio FrP, og viser til hovudutval for helse og omsorg sitt vedtak.