nyhende

Grunnskuleelevane i Sveio får truleg nynorsk som skriftleg målform også i framtida.
Grunnskuleelevane i Sveio får truleg nynorsk som skriftleg målform også i framtida.

Framleis nynorsk i skulane

Ingen sveibuar nytta sjansen då forslaget til ny forskrift om opplæringsspråk i skulane var ute på høyring tidlegare i vår.

Publisert Sist oppdatert

Kommunestyret i Sveio skal  vedta ny forskrift om opplæringsspråk i skulane. Forslaget frå rådmannen er at nynorsk framleis skal vera opplæringsspråk ved dei fem grunnskulane. Ved vaksenopplærings skal opplæringsspråket vera bokmål, også det som før.

Krav i ny opplæringslov

Bakgrunnen for at saka kjem opp no, er innføringa av ny opplæringslov frå 1. august 2024. Den nye lova krev at det skal gjerast vedtak om skriftleg opplæringsspråk ved alle skulane i kommunen. Forslaget til forskrift har vore ute høyring frå 25. mars, med høyringsfrist 24. april. Korkje skulane, arbeidstakarorganisasjonane eller andre har sendt inn merknader.

Sveio har hatt nynorsk som opplæringsmål sidan kommunen blei etablert 1. januar 1964. Det har aldri kome krav frå nokon av skulane om skifte av målføre, slik både den gamle og den nye lova opnar for.

Politisk behandling

Den politiske behandlinga av forslaget til forskrift startar i hovudutval oppvekst og kultur 21. mai. Endeleg vedtak kan påreknast i kommunestyremøtet 17. juni. Når forskrifta er vedteken skal ho publiserast i Norsk Lovtidend.

Powered by Labrador CMS